FULLBOOKA: Ove Fortun og Sognefjellet Sommarskisenter kan sjå tilbake på ein sesong med rekordbesøk. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes.)

Sesongen er knapt over: – Me er allereie fullbooka for neste år

Sognefjellet Sommarskisenter går så det grin.

Sognefjellshytta: Onsdag var siste dag for sesongen på Sognefjellet sommerskisenter. Omlag fire tusen gjester har vore innom, inkludert det som kan krype og gå av utøvarar frå langrennseliten.

– Sesongen har vore fantastisk, med masse folk og gode forhold. Me har vel aldri hatt så mykje folk der oppe, seier Ove Fortun, som som driv sommarskisenteret ilag med ein stab på seks.

Han understrekar at han ikkje har finsjekka statistikken enno, men:

– Utifrå aktiviteten som har vore her, så trur eg det er rekord i år. Det har vore enormt, seier han.

Dei har heller aldri hatt så mange verdsstjerner i anlegget som i år. Dei norske, svenske, tyske, sveitsiske, østerikske og finske landslaga har trena her i sommar.

– Det er vel stort sett alle landslaga som dominerer i OL og VM. Me er veldig stolte over at me har dei der, seier Fortun, som no berre kan gle seg til sesongen startar att 16. mai neste år.

Dei brukar ikkje mykje reklame, det meste ser ut til å gå av seg sjølv.

– Det er fullbooka neste år òg. Dei som er der tingar plass når dei reiser, så det må no bety at dei trivast, seier Fortun.

Til toppen