BORTESIGER: Sogndal tok sesongens første bortesiger då dei vann mot Ålesund søndag kveld. Foto: Halvor Storvik
BORTESIGER: Sogndal tok sesongens første bortesiger då dei vann mot Ålesund søndag kveld. Foto: Halvor Storvik

Sesongens første bortesiger for Sogndal

Sogndal kunne reise heim med tre nye poeng etter møte med Ålesund FK på Color Line stadion søndag kveld.

Etter eitt minutt sendte spelar nummer 30 Mustafa Abelloue Ålesund i leiinga. Eit kvarter ut i kampen sett Ole Amund Sveen det fyrste målet for Sogndal. Laga gjekk til pause med stillinga 1-1.

Seks minutt etter pause kjem det andre målet til Sogndal, der Mikkel Kirskeskov scorar sjølvmål etter innlegg frå Sogndal på høgrekanten. Eit kvarter seinare får Martin Ramsland ballen på retur og legg den i venstre hjørne. Berre to minutt etter sender Gilbert Koomson Sogndal til 4-1 ledelse.

Kampen enda til slutt 4-1, og Sogndal tar sin første bortesiger.

Til toppen