SESONGSTART: Måndag kveld sesongopnar samarbeidslaget Årdal 2/Jotun/ÅTIL mot Syril på Cuba. Foto: Jan Ove Skjerping.
SESONGSTART: Måndag kveld sesongopnar samarbeidslaget Årdal 2/Jotun/ÅTIL mot Syril på Cuba. Foto: Jan Ove Skjerping.

Sesongopnar mot Syril

Måndag er det sesongopning i 5. divisjon på Cuba.

Årdal: Årdal 2/Jotun/ÅTIL, som er det fulle namnet til andrelaget i Årdal, tar imot Syril sesongens første kamp i 5. divisjon måndag kveld.

Kveldens gjestar gjorde det godt førre sesong med ein 3. plass i same divisjon, fem poeng bak serievinnar Gaular. 

Lett blanding

Samarbeidslaget frå Årdal slo nyleg Bjørn 4-1 i ein treningskamp, der mange fekk prøve seg.

– Me kjem til å bruka ei lett blanding av reservar, juniorar, ÅFK 2-spelarar og gutespelarar frå Jotun og Tangen. Me kjem til å prøva å ha med gutespelarar til kvar einaste kamp, sa trenar Geir Kjetil Øvstetun til klubben si heimeside etter den kampen.

Bra føre på Cuba

Det er han og Jan Are Øvstetun som har trenaransvaret for laget denne sesongen. Møtet med Syril går altså på Cuba, som trass nokre gule grasstrå, er i god fatning så tidleg på året.

– Bana var veldig bra, og den kjem til å bli endå betre, sa Øvstetun i forkant av helga.

Det vert også spelt kampar to andre stader i kveld. Bjørn og Hyllestad/Dale 2 tek imot høvesvis Balestrand og Førde 3. 

Askvoll/Holmedal og Fure tjuvstarta på sesongen søndag, der førstnemnte gjekk sigrande ut av oppgjeret med 4-1. 

Til toppen