AMBISJONAR: Årdal FK trenar Ivan Øy har høge ambisjonar om å halde seg i toppen når det nye divisjonssystemet trer i kraft. Foto: Camilla Skjær Brugrand.
AMBISJONAR: Årdal FK trenar Ivan Øy har høge ambisjonar om å halde seg i toppen når det nye divisjonssystemet trer i kraft. Foto: Camilla Skjær Brugrand.

Sesongstart: – Målet er å halde seg «der oppe»

Ivan Øy har klare ambisjonar for Årdal FK når serien vert sparka i gang på heimebana til årdølene denne laurdagen. 

Årdal: Årets fyrste seriekamp for Årdal FK vert sparka i gong på heimebane mot Hallingdal denne helga. 

Grunna endringar i divisjonssystemet skal årdølene no spele i ei ny avdeling på Austlandet der dei kjem til å møta heilt ukjende lag. 

– Nokre har me kjennskap til og andre veit me ikkje fullt så mykje om. Det var planlagt å spele nokre treningskampar i haust og vinter, men grunna vêr og dårlege vegforhold, har ikkje det blitt noko av, seier trenar Ivan Øy.  

Les også: Endring i seriesystem får konsekvensar for 3. divisjon

Spennande med ny avdeling

Årdølene har dei siste månadane hatt ei av Europas lengste sesongoppkøyringar. Spelarane byrja å trene seg opp til sesongstart allereie i januar og fyrste seriekamp skal spelast no i april. 

– I det heile og store blir det ganske spennande å sjå korleis me passar inn i den nye avdelinga og kva nivå dei ulike laga ligg på. Me har eit bra overgangsspel og er raske i overgangsfasen. Det er spesielt i forhold til at me har ein del hurtige spelarar, seier Øy. 

Årdal FK ønskjer å halde fram med denne trenden. Dei yngre spelarane som var med i fjor, har blitt eit år eldre og vakse ein god del. 

– Dette er sjølvsagt spelarar som me kjem til å bruka ein del. Samstundes har me fått behalda ein del av stammen av dei som me hadde i fjor. Det blir ein miks og me gledar oss stort til å koma i gang, seier Øy. 

Markante spelarar

Det er fleire spelarar på Årdal FK som vil bli interessante å følgja med på den kommande sesongen. 

– Eirik Rode og Truls Hovland er svært markante i sine spelarstilar. Det er slike typar som gir 110 prosent. Christian Stedje er ein gamal travar og Preben Strypet er ein målgarantist som eg veit kjem til å putta ein del. Brede Stedje Ylvisåker er ein av dei mest stabile spelarane me har, forklarar Øy. 

Denne sesongen kjem me også til å få sjå meir til yngre spelarar som Vegard Bukve, Endre Kauppi og Marius Loftheim. 

– Dette er spelarar som har byrja å ta meir og meir steg og dei fleste skal få sjansen til å spele, seier Øy. 

Briten Brett Fellows er ein av spelarane som laget byggjer mykje av spelet rundt. Fellows kjem frå akademiet til Birmingham i England. Øy forklarar at når ein spelar når ein viss alder og ikkje får A-kontrakt, må han skaffa seg andre klubbar lengre nede i systemet. Slik var det årdølene kapra briten.

– Han er absolutt ein spelar med fin driv og god teknikk. Ein typisk engelsk spelar med andre ord, seier Øy. 

Stor spelarstall

Andrelaget ÅFK/Jotun/ÅTIL som vert administrert av Årdal FK, har også kome godt i gang med treningane. Laget som no er i 5. divisjon, skal fungera som eit samarbeidslag der alle gutelaga kan spele og trene saman med fyrstelaget.

Les også: Avtale om fotballen i Årdal skal endeleg signerast

– Dette er eit lag for dei som er på veg oppover. I tillegg er det god trening for dei som ikkje får spelt like mykje på fyrstelaget, seier Øy. 

Årdal FK er avhengig av å ha tilgang på ein god del spelarar, noko andrelaget gir dei. 

– Når me har tilgang på mange spelarar, skapar me ein god treningsarena, seie Øy.

Eirik Rode annonserte tidlegare i år at han var ivrig på å halde fram endå ein sesong i Årdal FK. I tillegg skal lærdølen Ørjan Skilbrei også halde fram å spela for laget. 

– Han er ein kar som har vore med oss fleire gonger før og som er ein trygg spelar å ha med seg. Det var fyrst i fjor at Rode byrja å få ein stabil sesong og me håpar på at han vil halde fram med denne utviklinga i år også, seier Øy. 

Høge ambisjonar

Årdal FK må koma blant dei fire beste eller blant dei åtte beste femmarane i dei 12 avdelingane for å halde fram i 3. divisjon til neste år. 

– Målsetjinga er at me skal klara å halda oss der oppe. Det blir feil å sei noko anna. Så får me sjå korleis det går utover i sesongen og om me må revurdera målsetjingane etterkvart, seier Øy. 

Det å koma opp i den nye 3. divisjonen blir som å vera med i den gamle 2. divisjonen som ein har i dag. 

– Nivået blir høgare og det kreve sitt. Me satsar på å ta mest mogleg poeng, slik at me kan heva oss der oppe, seier trenaren. 

I vinter har det vore ein del skade blant årdalspelarane, noko som medføre at ein del av spelarane har varierte kondisjon- og styrkeferdigheiter. 

– Det å få alle i like god form til same tid, blir litt vanskeleg. Både nøkkelspelarar og andre har slite med ein del skadar. Spelarane som er på veg oppover mistar verdifull trening under ein viktig del av sesongen om dei ikkje er speleklare, seier Øy. 

Til toppen