Årdal: Etter fleire sesongar med lag frå Sunnmøre, Bergen og Austlandet som motstandarar, blir det ein ny kvardag for Årdal i 4. divisjon denne sesongen.
Det betyr at det blir mange tette lokaloppgjer, og i Årdal er sjølvtilliten god. For sjølv om dei ikkje klarte å berge plassen i 3. divisjon etter omlegginga, var dei svært nære. Ivan Øy meiner laget er godt nok til å kjempe i toppen av det som fått namnet Kretsligaen.
– Sidan me kjem frå ein høgare divisjon, har me forventning om og håpar at me greier å ta med oss nivået frå i fjor og setja vårt preg på denne divisjonen, seier han.
Siktar seg inn mot toppen
Flisa, Lillestrøm 2, Spjelkavik og Voss frå tidlegare sesongar er i år bytt ut med Høyang, Sogndal 2, Skavøypoll og Vik. Men det er også nokre gamle, og ikkje minst gode, kjenningar i Stryn, Eid og nemnde Sogndal 2.
– Sogndal 2 er eit lag me veit kan stille sterkt. Det same kan Florø 2 og Stryn som held vårt nivå, og også Eid kan vera ein tøff motstandar. Det er eit greitt nivå, men me skal vera med og kjempa i toppen. I så fall må me vera på heile tida, seier trenaren.
Artikkelen held fram under biletet.

– I fjor hadde me eigentleg ingen ambisjon om å halde oss, men det vart ein målsetnad då me låg så nære. Eg føler at me har både kapasitet og spelarar til å hevde oss i toppen av 4. divisjon.
Hagen: – Me er klare for å ta 4. divisjon med storm
Den kjensla sit også Johnny Aspeseter Hagen med. 26-åringen blir ein av dei eldste i troppen og med det kviler også mykje ansvar på skuldrane.
– Eg er samd med Ivan. Det hadde vore feil av oss ikkje å ha den ambisjonen. Personleg føler eg me burde ha lege i 3. divisjon, og det hadde me kanskje klart om det ikkje var for ein dårleg start på fjoråret og eit tøft kampprogram på hausten som kosta oss litt, seier midtbanespelaren som gler seg til sesongstart.
– Det blir deilig etter ein lang vinter. Det skal bli godt å koma i gang og visa folk at me er klare til å ta 4. divisjon med storm, smiler han.
Har førebudd seg annleis i vinter
Då må ein god start mot Dale til på laurdag. Sunnfjordingane kjenner divisjonen ut og inn og tok ein sterk 4. plass i fjor. I sesongane før har dei vaka rundt i toppen av nedre halvdel. Med andre ord skal Årdal vere eit betre lag, men sistnemnde har ikkje flydd ut av startblokkene dei siste sesongane.
Artikkelen held fram under biletet.

– Ein god start blir viktig, så det gjeld å gå ut i hundre. Dei største fellene er dei me legg for oss sjølv, og det er å gå ut og tru at dette kjem av seg sjølv, seier Øy, som har lagt om førebuingane litt i vinter.
– Me har ikkje hatt den same treningsmengden i starten. Sesongen er såpass lang at det blir stor slitasje på spelarane, og det ser me no at me ikkje har så mykje skadar som tidlegare. Me er betre budde. Det betyr ikkje at me har trent dårlegare, men vore meir effektive kanskje.
Effektivitet er også noko som blir viktig for eit Årdal-lag som har mista to av sine viktigaste spelarar framfor mål i Preben Strypet og Truls Hovland.
– Men eg er sikker på at me har folk som kan tre inn i dei rollene og ta på seg dei oppgåvene. Me har også ein del unge, spennande spelarar som kjem til å setja sitt preg på laget, og så må typar som Johnny trø til og vise veg når det buttar.