GIR URTETIPS: Ulike krydderplanter har ulike behov, forklarar Gerd Byermoen (til høgre) og Toril Gulbrandsen. Foto: Axel Sandberg 

Set krydder på tilværet

Butikksalet av krydderplanter har tatt av dei siste åra. Men korleis får du dei levande smakstilsetjarane til å leve lengst mogleg som kjøkenplanter?

Pastaoppskrifta foreslår fersk basilikum, så du hiv ein basilikumplante i handelsvogna saman med dei andre matvarene. Retten blir ein stor suksess og du tenkjer at den halve planten som er igjen skal få stå der og gi deg basilikumblad i lang tid framover. Nokre dagar seinare er han vindskeiv og pjuskete, sjølv om du både vatna han og plasserte han ved vindauget.

– Allereie når du skal ta med krydderplanten heim frå butikken, må du vere obs dersom han skal ha sjanse til å overleve. Dei fleste krydderplanter, ikkje minst basilikum, toler ikkje å bli utsette for kulde. Du må derfor finne ein måte å pakke han inn på, for eksempel i avispapir, sjølv om bilen står parkert rett utanfor, forklarer kommunikasjonssjef ved Opplysningskontoret for frukt og grønt, Gerd Byermoen.

Vatn riktig

Saman med matfagleg rådgivar Toril Gulbrandsen gir ho tips og råd for å få kryddera til å vare inne.

– Om vinteren kan det vere vanskeleg, men ikkje umogleg, å halde liv i urtene. Begynn med å ta av plasten rundt planten og sett han på ei skål eller ei romsleg potte ein lun og lys stad, seier Byermoen.

Ein feil mange gjer er å vatne planten ovanfrå, la vatnet renne igjennom og bli liggjande i skåla eller potta. Det er faktisk det stikk motsette av kva ein skal gjere.

– Du heller vatn i skåla, så sug planten til seg vatnet. Viss han er tørst og det blir tomt i skåla, heller du på meir vatn. Men etter 10 minutts tid fjernar du vatnet som er igjen, forklarer Byermoen.

Dette kan ein gjenta cirka annakvar dag.

– Fjern visne blad og stilkar, legg Byermoen til.

Artikkelen held fram under biletet

RIKTIG VATNING: Krydderplanter skal vatnast nedanfrå.
RIKTIG VATNING: Krydderplanter skal vatnast nedanfrå.

Bør pottast om

På eit eller anna tidspunkt held det derimot ikkje med vatn. Skal du ha urter som varige kjøkenplanter, treng dei blant anna gjødsel.

– I utgangspunktet er ikkje slike krydderplanter meint å overleve lenge, så du treng ikkje føle deg som ein mislykka gartnar dersom du ikkje får det til. Men skal du betre oddsa, bør dei pottast om. Dei fleste krydderurter kan delast opp i 4– 5 «klumpar» og plasserast i kvar si potte med jord, gjerne med sand i botnen. Eg brukar såkalla meitemakkompost, som er veldig næringsrik. Slike planter treng derimot ikkje så veldig mykje næring, forklarer ivrig gartnar og seniorrådgivar Marit Grinaker Wright i Oikos Økologisk Norge.

Ho anbefaler også å byte ut pæra i lampen som eventuelt heng over plantene med plantelys, som no finst i LED.

– Det held nok ikkje med lyset frå kjøkenvindauget i desse mørkaste månadene, legg Grinaker Wright til.

Artikkelen held fram under biletet

FORLENGJER LEVETIDA: Med riktig stell kan krydderplanter du har kjøpt i butikken, vare riktig lenge.
FORLENGJER LEVETIDA: Med riktig stell kan krydderplanter du har kjøpt i butikken, vare riktig lenge.

Bruk frysaren

For dei som ikkje har fullt så høge ambisjonar, finst det andre måtar å få urtene til å vare på. Du kan for eksempel tørke ei rekke krydderplanter ved å plukke stilkar og henge dei opp ned.

– Når dei er ordentlege tørre, har du dei på glas, seier Gerd Byermoen.

Ein annan vri er å bruke frysaren.

– Eit bra triks er å finhakke blad og strø dei oppi isterningsbrett. Hell olivenolje på i staden for vatn. Når du treng urter, er det berre å bryte laus eit par terningar og røre inn i retten du held på med, foreslår Byermoen.

Og det er ikkje berre urter i form av potteplanter du kan utvide levetida til.

– Graslauk og dill, for eksempel, kan stå i vatn. Berre ta eit kjøkenglas fylt med vatn og plasser urtene oppi. Det vil gi betydeleg lengre levetid enn for eksempel å plassere dei i kjøleskapet, forklarer Toril Gulbrandsen.

Gerd Byermoen meiner at uansett metode, så er det gledeleg at vi har omfamna desse relativt nye tilskota i det norske kjøken.

– Nordmenn har for alvor oppdaga kva for eit smaksløft ferske krydder gir. Og ved å bruke nokre stilkar dagleg i maten, og samtidig plassere saltbøssa lenger inn i skapet, blir også kosthaldet på ein enkel måte eit hakk sunnare, seier Byermoen.

Til toppen