VURDERING: Høyanger kommune skal vurdere om skular og barnehagar må stengjast i samband med utbrotet av koronavirus.
VURDERING: Høyanger kommune skal vurdere om skular og barnehagar må stengjast i samband med utbrotet av koronavirus. (Foto: Vilde Grimelid Oppedal/arkivfoto)

KORONAVIRUS

Set ned krisestab – skal vurdere om skular og barnehagar vert stengde

Høyanger kommune set onsdag ettermiddag ned ein krisestab som skal vurdere kva kommunen skal gjere vidare i samband med koronaviruset.

Høyanger: Tre elevar og éin tilsett er i karantene på Høyanger vidaregåande skule etter å ha vore på tilstellingar der det anten er stadfesta koronasmitte eller mistanke om det.No set Høyanger kommune ned krisestab klokka 13 onsdag for å vurdere korleis den skal handsame koronaviruset vidare, skriv Firda

Fem eller seks personar er i karantene elles i kommunen og ventar på prøvesvar, opplyser rådmann Kjellaug Ekse Brekkhus til Firda. 

Fordi kommunen er uroa for at det berre er eit tidsspørsmål for nokon vert smitta, skal krisestaben gå gjennom rutiner og leggje ein strategi. 

Det skal også opprettast ein informasjonstelefon for folk som måtte ha spørsmål i samband med koronaviruset. Ifølgje Brekkhus vert legekontoret no ringt ned og kapasiteten er heilt sprengd. 

I tillegg ønskjer kommunen å ha eit ord med i laget dersom nokon skal ha arrangement med over 30 deltakarar. 

Sitasjonen for dei som er i karantene ved Høyanger vgs. skal verte avklart i ettermiddag. 

– I møtet i krisestaben vil vi ta stilling til om vi skal stenge dei kommunale skulane og barnehagane i kommunen. Det kjem jo an på korleis dette utviklar seg vidare. Vi veit meir om dette onsdag ettermiddag, seier Brekkhus til Firda. 

Til toppen