MYKJE GJERDING: Karane i Norskog lesser opp nokre buntar til det som er på veg til å bli ein ni kilometer lang gjerding.

MYKJE GJERDING: Karane i Norskog lesser opp nokre buntar til det som er på veg til å bli ein ni kilometer lang gjerding. (Bilde: )

Skrantesjuka: Før jakta

Set opp 5000 stolpar og 9 kilometer med gjerding på ein månad

Gjerdingen som skal halda den skrantesjukeråka villreinen i Nordfjella åtskilt frå tamreinen til Filefjell reinlag byrjar å ta form.

Lærdal: – Det har vel vore både-og. Nokre dagar er strie og nokre dagar går det greitt, seier Mikkel Per Skum i firmaet Norskog, basert i Kautokeino, som har fått oppdraget med å setja opp gjerdingen.

LUNSJPLASS: Mikkel Per Skum ved teltet som fungerer som lunsjplass.
LUNSJPLASS: Mikkel Per Skum ved teltet som fungerer som lunsjplass. Foto: Ole Ramshus Sælthun

Det mykje omtala gjerdet på Hemsedalsfjellet har som føremål å i første omgang unngå at villrein frå Nordfjella trekkjer inn i tamreinsområdet til Filefjell reinlag lenger nord på Hemsedalsfjellet. Når nordfjellareinen er sanert ut skal gjerdet hindra at tamrein trekkjer inn i Nordfjella, der det kan liggja smittestoff i grunnen.

Les også: – Skulle gjerne ha testa alt slakta hjortevilt i Noreg

Bygginga av gjerdet kom først i gang i midten av juli, for det tok noko tid å koma fram til ein trasè dei involverte var samde om.

– Det har jo vorte noko stopp no og då for å bli einige, seier Skum.

Les også:  Ministeren meiner gjerdet er viktig å få på plass

Les også: Slik blir truleg sperregjerde på Hemsedalsfjellet

Imponert over framdrifta

Men når dei først kom i gang gjekk det radig vidare, og etter eit par vekes jobb har dei kome halvvegs og vel så det

– Me ligg no på skjema. Om fjorten dagar er me nok ferdige om alt går bra.

TEK FORM: Drygt halvparten av gjerdingen er no komen opp.
TEK FORM: Drygt halvparten av gjerdingen er no komen opp. Foto:  Ole Ramshus Sælthun

Ni mann frå firmaet Norskog, som har mykje oppdrag med gjerdingar for tamreinsnæringa, jobbar med å få opp dei 5000 stolpane og dryge ni kilometrane med gjerding som må til for å dekkja området frå Eldrevassbergi ned til Galdestølen på vestsida av Hemsedalsfjellet; dette er den mest utsette strekningen i høve kryssing av rein mellom områda.

– Flesteparten av stolpane har me bora nedi, men enkelte stader kan ein også slå dei rett ned.

Når Porten.no er innom arbeidskarane har dei lunsjpause i eit telt ved anleggsvegen inn mot Øljusjøen.

– Me bur ikkje her. Dette er lunsjplassen. Me bur på Bjøberg, understrekar Skum. 

CWD-koordinator Lars Nesse er nøgd med framdrifta i oppsettet av gjerdingen.

– Eg må seia eg er svært imponert over kor fort dette har gått etter at karane starta opp arbeidet.

Til toppen