HJORTEPROBLEM: 
HJORTEPROBLEM: 

Set opp gjerde for å halde hjorten vekke

Men er tiltaket godt nok, lurte politikarane på i formannskapet.

I sommar tok Erling Offerdal (Sp) opp problemet med hjort og rådyr som beitar på kyrkjegarden i Øvre Årdal om vinteren. Dette var ei ekstra påkjenning for dei pårørande, sa han, og lurte på kva kommunen ville gjera med saka.

Tysdag kom svaret, noko Offerdal uttrykte glede over i formannskapet, men ilag med dei andre politikarane undra han seg om tiltaket er godt nok.

I saka låg det føre to alternativ, og det er det første og det billigaste dei folkevalde gjekk inn for, som er eit hjortegjerde rundt halve gravplassen i håp om at dette skal vere nok til å stoppe problemet. 

– Arbeidarpartiet går for tilrådinga slik ho ligg føre, men ein må spørja om dette er tilstrekkeleg. Er dyra så dumme? spurte Marie Helene Hollevik Brandsdal (Ap). 

Ingen veit kor hjorten hoppar, svarte rådmann Olve Fossedal og forklarte at dette er gjort i samråd med Årdal kyrkjelege fellesråd og i beste meining. 

– Eg er klar over at hjorten kan vera smartare enn rådmannen, men då må me fase inn alternativ to. Me håpar hjorten gir seg med det første alternativet. Dette har noko med estetikk å gjere også. Det er ikkje vakkert å gjerde alt inn viss det ikkje er naudsynt, sa han.

Det første alternativet kostar 100 000 kroner, og tanken er at dersom dette ikkje er nok, så må ein gjerde inn heile området. Dette vil truleg kosta minst like mykje. Tiltaket vert finansiert ved at ein tek 20 000 kroner frå viltfondet, og så betalar Årdal kommune og Årdal kyrkjelege fellesråd 40 000 kroner kvar.

Til toppen