I dag vart det kjent at fylkeskommunen og Havilafjord har blitt einige om ein avtale, som vil gjere at sistnemnde blir sitjande att som majoritetseigar med 67 prosent av selskapet.
I avtalen ligg det òg inne at den føreståande rettssaka mellom Havilafjord AS F1 Holding fell bort dersom avtalen dei har forhandla fram vert godkjend.
– Rettsaka er stilt på bero. Men det er avhengig av at fylkestinget går for avtalen, seier Per Sævik til Porten.no.
Les også: Fylkeskommunen sel Fjord1 til Havila
– Grei avtale
Etter at Fjord1 i desember i fjor vart selt til Torghatten, gjekk Sævik til søksmål mot investeringsselskapet til fylkeskommunen, F1 Holding. Han meinte nemleg at selskapet Havilafjord hadde forkjøpsretten til aksjane.
Det endte med at Konkurransetilsynet stoppa salet. Men konflikten mellom Havilafjord og fylkeskommunen var enno ikkje løyst. I byrjinga av august starta partane forhandlingar om aksjeposten til fylkeskommunen.
Les også: Havila vil diskutere børsnotering av Fjord1
I dag kom meldinga om at avtalen er i boks.
– Vi er nøgde med at vi fekk signert den i ettermiddag. Personleg meiner eg det er ein grei avtale, også for fylkeskommunen, seier Sævik.
Saman for regionalt eigarskap
For fylkeskommunen sin del er det viktig å sikre framleis regionalt eigarskap, noko òg fylkesordføraren understreka ovanfor Porten.no då avtalen vart offentleggjort.
Sævik seier at dei har same intensjon.
– Det er slik at Havilafjord har opsjon på restaksjane. Men vi har sagt det same som fylkeskommunen, at vi har lyst å sjå om det er regionale investorar som kan gå inn i selskapet. Viss vi finn dei rette interessentane, så er det berre positivt, for det er eit rimeleg stort selskap, seier Sævik.