ETTERFORSKING: Politiet har avhøyrt fleire ungdommar som innrømmer at dei stod bak branntilløpet i kjellaren under Sogndal kulturhus måndag. Arkivfoto: Halvor F. Storvik
ETTERFORSKING: Politiet har avhøyrt fleire ungdommar som innrømmer at dei stod bak branntilløpet i kjellaren under Sogndal kulturhus måndag. Arkivfoto: Halvor F. Storvik

Sette fyr på energiboks – så gjekk det gale

Fleire ungdommar i tenåra har innrømt at dei stod bak det som utvikla seg til eit branntilløp i kjellaren under Sogndal Kulturhus.

Sogndal: – me hadde inne fleire ungdommar til avhøyr i går som innrømmer at dei står bak. Etterforskinga er ikkje avslutta, så eg vil ikkje oppgje tal på kor mange det er snakk om, seier Norvald Ylvisåker, konstituert lensmann i Sogndal.

Måndag stod ei handlekorg i fyll fyr i parkeringskjellaren.

– Eg håper dei skuldige melder seg. Vi ser veldig alvorleg på dette og har sjølvsagt meldt det til politiet. Konsekvensane i går kunne ha vorte vesentleg verre, sa senterleiar Wilhelm Tangerud ved Amfi Sogningen i Sogndal til Porten.no då.

Les også: – Det brann skikkeleg, flammane var over ein meter høge

– Tenkte ikkje konsekvensar

No har altså fleire undommar i tenåra forklart kva som skjedde:

– Det dei gjorde var å setja fyr på ein energiboks, dei ville sjå kva som skjedde då, om det vart mykje smell også vidare.  Ingenting tyder på at dei hadde til intensjon at det skulle utvikla seg slik det gjorde. Så dei tenkte ikkje konsekvensar. Det er plassen det er gjort på som gjer at me ser alvorleg på dette, seier Ylvisåker.

Ungdommane er frå i midten av tenåra til i slutten av tenåra, og såleis over kriminell lågalder, 15 år.

– Dei kan venta seg reaksjonar, med andre ord?

– Dette blir sendt over til påtale, så det er opptil jurist å avgjera kva eventuelle reaksjonar vil bli, seier Ylvisåker.

Til toppen