OPEN ATT: Like før 12.00 kom meldinga om at vegen mellom Årdalstangen og Fodnes er opna att for trafikk.
OPEN ATT: Like før 12.00 kom meldinga om at vegen mellom Årdalstangen og Fodnes er opna att for trafikk. (Foto: Olav Hæreid AS)

Vegen mellom Årdalstangen og Naddvik er opna att

Raset vest for Finnsåstunnelen er rydda, og vegvesenet meiner det er trygt å sleppa bilane forbi.

Årdal: Søndag kveld vart vegen mellom Årdalstangen og Naddvik stengt på grunn av ras. Ein bil vart treft av steinane. Raset var ikkje stort, men politiet ville ikkje opna att før vegvesenet hadde vurdert om det var trygt.

– Me har fått beskjed om at det er eit flaumras. Me skal ut og sjekka, og saman med entreprenøren reknar me med å starta opprensking ganske raskt, sa Bjørn Indrebø kontrollingeniør i Statens vegvesen, i 9-tida i dag tidleg.

Like før klokka 12.00 kunne vegtrafikksentralen melda at vegen er opna att etter oppryddingsarbeid.

I morgontimane opplyste Kringom at det var sett opp ekstra buss over Årdal-Tyin. Ein buss gjekk like før sju frå Årdalstangen i retning Sogndal, ein annan gjekk motsett veg like før åtte.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen