Sette ny personleg rekord i UM

Jennifer Mjøs frå Aurland har god grunn til å vere nøgd med helga sjølv om det vart ein nedtur på 200 meter.

Sandnes/Aurland: 15-åringen tok seg til finalen i både 100 meter og 200 meter då ho konkurrerte i noregsmeisterskapen i friidrett i Sandnes i helga.

Og Mjøs har god grunn til å smile etter å ha sett ny personleg rekord på 100 meter. I forsøket sprang ho på tida 12.72, fulgt opp med 12.73 i semifinalen og 12.74 i finalen. Det heldt til ein 5. plass.

– Stevnet har vore greitt, og eg er nøgd med å perse, seier ho.

Også på 200 meter tok Mjøs seg til finalen, men her gjekk det litt verre.

– Eg hadde eit bra løp, og låg an til å vinne, men uheldigvis datt eg to meter før mål. Det var ein stor nedtur, legg ho til.

No gjenstår berre Bergenslekene neste helg, og så er sesongen over for friidrettstalentet frå Aurland. 

Klubbkollega Kristiane Sekkingstad Terum kom også til finalen J16-klassen i 100 meter. Her kom ho på ein 8. plass med tida 13.19.

I finalen i 200 meter kom Terum på ein 6. plass med tida 26.95.

Til toppen