MELLOMBELS ORDFØRAR: Kåre Mentz Lysne (Ap) tok ordførarplassen i skiltsaka ettersom ordføraren var ugild. Med det fekk Lysne dobbelstemma, noko som også vippa saka. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun 
MELLOMBELS ORDFØRAR: Kåre Mentz Lysne (Ap) tok ordførarplassen i skiltsaka ettersom ordføraren var ugild. Med det fekk Lysne dobbelstemma, noko som også vippa saka. Alle foto: Ole Ramshus Sælthun 

Setteordføraren si dobbelstemme gjorde at skiltsaka vart utsett

Kommunestyret i Lærdal vart redusert med tre mann i form av ugildskap, både setteordførar og -varaordførar måtte til, og dei fjorten røysteføre som var att fordelte røystene likt seg imellom

Lærdal:– Dette er ei litt merkeleg sak eg ikkje heilt skjønar, men eg er ikkje 59 år lenger heller, sa Kristen Olav Grøtteboø (Ap) under kommunestyremøtet torsdag kveld.

Saka han snakka om gjaldt dei tidlegare omtala 210 323 kronene Lærdal Turlag fekk overført frå kommunen i 2015. Grunngjevinga for overføringa var at summen stod att etter turskiltprosjektet som rekneskapsmessig vart organisert under piloten for berekraftig reiseliv.  

Les også: Meiner kommunen tildelte turlaget pengar som alt var oppbrukte

Grøttebø kom med fire spørsmål

Saka kom opp att i kommunestyret torsdag, halvanna år etter det opphavelege vedtaket, noko som skuldast ein formaliafeil som vart gjort den gong, ifølgje rådmann Alf Olsen jr. Grøttebø kom likevel med framlegg om at saka vart utsett, og hadde fire spørsmål rundt saksgangen:

– Leiaren i kontrollutvalet opplyser at saka ikkje er ferdig handsama der, men at det vil den snart bli. Så eg lurer på om det er lov at kommunestyret handsamar ei sak som ikkje er ferdig handsama i kontrollutvalet. Eg lurer på kvifor den kjem opp att no etter halvanna år, kven som gjorde avtale om overføringa til turlaget, og kvifor saka ikkje har vore oppe først.

Rådmann Olsen gjekk kort gjennom historikken i saka, som tidlegare omtala på Porten.no. Så forklarde han at saka kom opp no for å retta opp i formaliafeilen som vart gjort i 2015, at den difor er uavhengig av saka i kontrollutvalet og at fordi formaliafeilen vart gjort i kommunestyret var det same organ som måtte retta opp i denne – av di hadde den ikkje vore innom formannskapet.

– Når det gjeld kven som avtalte at pengane skulle overførast turlaget, veit eg ikkje det. Og det er mogleg at det ikkje vart gjort nokon skriftleg avtale, sa Olsen om formaliafeilen.

Senterpartiet ville ikkje utsetja saka

Gro Starheimsæther tok til orde for å handsama saka, der rådmannen si tilråding var at vedtaket om overføringa av pengane til turlaget vart gjort på ny, der adressaten kom tydeleg fra,

– Me må ikkje blanda rollene til kontrollutvalet og kommunestyret; eg meiner me må rydda opp i formaliafeilen som vart gjort den gong. 

Grøttebø heldt på framlegget om å utsetja saka, og fekk følgje av Olav Grøttebø (V), som møtte for Frode Myklebus 

– Kontrollutvalet ska hjelpa kommunstyret i slike saker, difor er det fornuftig av oss å utsetja handsaminga her.

Leiv Aasen (Ap) meinte frå talarstolen ein kunne risikera å gjera saka verre enn den alt var viss ein ikkje venta på kontrollutvalet.

Ordførar, varaordførar og vararepresentant var ugilde

Så var det klart for røysting, og den leia setteordførar Kåre Mentz Lysne. For, tidlegare i møtet hadde ordførar Jan Geir Solheim kjend seg sjølv ugild i saka ettersom han var styreleiar i Berekraftig reiseliv-prosjektet. Varaordførar Trond Øyen Einemo (H) vart kjend ugild ettersom han er leiar i Lærdal Turlag, som mottok pengane. Gro Starheimsæther vart vald til settevaraordførar.

SJU-SJU: Sju stemmer frå Ap, SV og Venstre mot Sp sine sju vart røysteresultatet, noko som gjorde at setteordføraren fekk dobbelstemme.
SJU-SJU: Sju stemmer frå Ap, SV og Venstre mot Sp sine sju vart røysteresultatet, noko som gjorde at setteordføraren fekk dobbelstemme.

I tillegg vart Brita Einemo (H) – som møtte for Jarle Molde – kjend ugild ettersom ho sit i styret i Lærdal turlag.

Såleis var det fjorten røysteføre att, og Ap sine fem røyster pluss SV og Venstre med kvar sine røyster gjekk for utsetjing. Sp sine sju røyster gjekk mot utseting.

Sju - sju, med andre ord, og då avgjer ordføraren si dobbelrøyst. Den tilhøyrde setteordførar Kåre Mentz Lysne, som gjekk for at saka vart utsett, og dermed vart det slik.

Til toppen