KLAR TALE: Setterådmann Knut Broberg har ansvaret for å handsama dei sju varsla frå tidlegare tilsette i Sogn barnevern.
KLAR TALE: Setterådmann Knut Broberg har ansvaret for å handsama dei sju varsla frå tidlegare tilsette i Sogn barnevern. (Foto: Bård Siem/NRK)

Setterådmannen lover openheit om varslingssakene i barnevernet

Dei sju varslingssakene i Sogn barnevern skal vera ferdig handsama innan utgangen av 2018. Prosessen rundt skal vera mest mogleg open, lover setterådmannen.

Sogndal: – Det er sentralt for at Sogndal kommune skal kunna få avslutta sakene på ein god og forsvarlig måte, skriv setterådmann Knut Broberg i eit brev til formannskapet i Sogndal.

Broberg er rådmann i Flora, men vart oppnemnd som setterådmann av kommunestyret i Sogndal for å handtera dei tidlegare arbeidsmiljøproblema i Sogn barnevern. Frå 2011 til 2016 var konfliktane var så alvorlege at fleire tilsette blei sjukemelde på grunn av dei psykiske påkjenningane.

FÅ SVAR: I 2017 fekk politikarane presentert rapporten Arbeidsmiljøspesialistane hadde laga, i første omgang utan å få innsyn innhaldet  Bilde:  Halvor Farsund Storvik/arkiv

Frå 2016 og til i dag har det kome til saman sju varsel frå tidlegare tilsette. Tre av dei skal få ny handsaming, medan fire av dei har kome til etter at Broberg vart utnemnd som setterådmann. I tillegg har han motteke nye merknader til dei tre tidlegare varsla, som dermed har blitt utvida.

– Det er eit stort tal varslingssaker, og fleire av sakene inneheld mange og alvorlege tilhøve, skriv Broberg til politikarane.

Håpar på ferdigstilling i 2018

Politikarane i Sogndal har oppretta eit varslingssekretariat for å handtera slike alvorlege saker betre i framtida. Men, for at det nye sekretariatet skal få starta med blanke ark, har det mellombels blitt oppretta eit eksternt sekretariat for dei sju varslingssakene setterådmannen har ansvar for.

Det er styrt av advokat Eivind Arntsen i advokatfirmaet Brækhus. Deira oppgåve er å gjennomgå varsla og avklara om det har skjedd noko kritikkverdig.

Til no har varslingssekretariatet jobba med å skaffa seg oversikt. Berre på det arbeidet har dei brukt over to hundre arbeidstimar. Dokumenta i sakene utgjer til saman rundt ni ringpermar. 

– Neste fase er å snakka med varslarane, dei det blir varsla mot, og andre sentrale personar. Dette vil skje i oktober, skriv Broberg.

Målet er at varsla skal vera ferdig handsama før året er omme.

LANGVARIG PROBLEM: Frå 2011 til 2016 var arbeidsmiljøet i Sogn barnevern så konfliktfylt at fleire tilsette vart sjuke. Foto: arkiv. Foto: Halvor Farsund Storvik/arkiv

Setterådmannen vil ha openheit

Til slutt skal varslingssekretariatet laga ein rapport, som Broberg håper i størst mogleg grad vil vera open for alle å lesa.

– Det vil gje innsikt i og forståing for avgjerdene som forhåpentlegvis skal avslutta sakene, og gjera det mogleg å etterprøva dei. Ikkje minst vil det òg vera viktig for å få fram at varsling er ønskeleg og at det er trygt å varsla om kritikkverdige tilhøve i Sogndal kommune, skriv han.

Det vekte oppsikt då Arbeidsmiljøspesialistane i 2017 la fram sin rapport om konfliktane i barnevernet. Den gong fekk ikkje ein gong politikarane som hadde bestilt rapporten lov til å lesa med det første.

Etter kvart vart det opna for offentleg innsyn i delar av rapporten.

Som ein del av oppdraget har setterådmannen vurdert om det òg skal bli opna for innsyn i resten. Konklusjonen er at det vil han ikkje tilrå. Årsaka er omfanget på rapporten, og måten han er utforma på.

– Rapporten er på 193 sider, der 110 av desse sidene omhandlar teiepliktige opplysingar om fleire tilsette. Setterådmannen meiner det vil bli meget arbeidskrevande å identifisera og skilla ut opplysingane som må sladdast, skriv Broberg.

Til toppen