NY SJEF MED NYE SKI: Erling Grøstad, dagleg leiar i SGNskis, med den nye skimodellen Hurrungane 101 som no blir produsert i Åre i Sverige.
NY SJEF MED NYE SKI: Erling Grøstad, dagleg leiar i SGNskis, med den nye skimodellen Hurrungane 101 som no blir produsert i Åre i Sverige.

SGNskis drøymer om skifabrikk i Sogndal

Men førebels nøyer dei seg med å flytte halvparten av produksjonen frå Kina til Sverige.

Sogndal: SGNskis frå Sogndal lagar omlag 900 par ski i året. Til no har det meste av produksjonen føregått i Kina.

Den nye dagelege leiaren, Erling Grøstad, seier skifabrikk i Sogndal er noko dei har diskutert mykje. Det har til og med blitt skrive ei masteroppgåve om skikonstruksjon, der eitt av temaa var korleis ein slik lokal produksjon skulle kunne fungere.

– Det er ei moglegheit vi ser seriøst på. Men førebels er det berre på tankestadiet, seier Grøstad.

Les også: Jobbar på spreng for å få nytt barnetrekk til årets sesong

Slepp å reise halve jorda rundt

Det som derimot er ein realitet, er at SGN skis før denne sesongen flytta delar av produksjonen til Sverige. 

Førebels er det dei nye modellane, Hurrungane 101 og Hurrungane 101 Karbon, som blir produserte i nabolandet. Resten blir framleis laga i Kina.

– Det er mange fordelar med å ha produksjonen såpass mykje nærare. Det er enklare å ta seg ein tur til Åre for å sjekke korleis ting går, enn det er å sette seg på eit fly og reise halve jorda rundt. Så det gjer det oss meir fleksible og ting går fortare, seier Grøstad.

SGNskis er eitt av fire norske merke som no har lagt heile eller delar av produksjonen til same skifabrikk i Åre. Saman utgjer dei «Det Norske Skiutvalet».  

– Det er eit samarbeid som oppstod etter at vi innsåg at vi kan vinne meir på å jobbe saman, enn å krangle med kvarandre om den vesle marknadsdelen vi samla utgjer, seier Grøstad.

Fersk i ny stilling

Men den store draumen er at altså at skia skal bli laga på eigen fabrikk i Sogndal. Det største hindret for å få det til er lønsemd.

– I tillegg til kvalitet skal vi òg konkurrere på pris. Viss vi skal byggje opp ein produksjon her, så må det kunne gjerast på ein lønsam måte. Men det hadde forsterka dei fordelane vi no får ved å flytte produksjonen nærare, seier Grøstad.

Sjølv har han berre tre veker bak seg som dagleg leiar i selskapet, den einaste som er tilsett på fulltid. Han er nyutdanna sivilingeniør frå NTNU i produktutvikling og produksjon.

Skimiljøet kjenner han godt etter å ha stått mykje på ski og konkurrert i frikøyring. For eit par år sidan studerte han òg eit år i Sogndal.

– Eg kjenner godt dei som har vore involverte her frå starten. No har eg jobba her i tre veker og ser ganske lyst på framtida. Eg er veldig nøgd med å ha fått denne sjansen, seier han.

Til toppen