FORNYA TRU: Etter nokre tunge år har SGNskis frå Sogndal folket i ryggen når dei no satsar på den internasjonale marknaden. Gründer Tore Frimanslund trur nytt skatteinsentiv gav vind i segla til folkefinansieringskampanjen dei nettopp har avslutta. 
FORNYA TRU: Etter nokre tunge år har SGNskis frå Sogndal folket i ryggen når dei no satsar på den internasjonale marknaden. Gründer Tore Frimanslund trur nytt skatteinsentiv gav vind i segla til folkefinansieringskampanjen dei nettopp har avslutta. 

SGNskis har fått ny giv av folkefinansiering

Henta inn 3,3 millionar på to veker. No satsar dei internasjonalt.

Sogndal: Første juli innførte regjeringa ei ordning som gjer at folk som investerer i små gründerbedrifter skal få litt igjen for det på skatten.

Den lokale skiprodusenten SGNskis frå Sogndal har allereie merka at dèt har gjort det meir attraktivt for vanlege folk å investere i nye bedrifter.

– Det kom på eit perfekt tidspunkt for oss. Eg trur det gjorde at kampanjen vår vart ein kjempesuksess, seier Tore Frimanslund, ein av dei opprinnelege gründarane bak SGNskis og medeigar i selskapet.

Les også: SGNskis drøymer om skifabrikk i Sogndal
Les også: Hengekøygründer frå Sogn satsar på internasjonal suksess

Finansiert av folket

Skia dei produserer er populære blant entusiastane, men problemet har vore å få tak i investorar som kan hjelpe dei å vekse. Løysinga vart ein liten video på Facebook som gjekk viralt.

– På to veker henta vi inn 3,3 millionar frå femti investorar. Det er stort for oss, seier Frimanslund om kampanjen.

Metoden dei brukte heiter folkefinansiering. Kort sagt går det ut på at enkeltpersonar går saman om å støtte eit prosjekt. Sosiale media har gjort det enklare enn nokon gong å nå breitt og treffe mange med bodskapen. 

– ​I staden for å henvende deg til ein og ein, så henvender du deg til mange, forklarer Frimanslund.

– Som skileverandør er vi for små til å hente den store kapitalen der ute. Folkefinansiering var veldig tilpassa oss.

Satsar internasjonalt

Sjølvsagt har det vore tøffe tak. Dei siste tre åra viser alle raude tal i rekneskapen, 1,5 millionar til saman. Men det er prisen dei har måtta betale for å bli størst i landet. Stort sett alle gründerbedrifter må gjennom det same. Det kostar å vekse. 

I år håper dei å gå i null.

– Me er der nesten no, men fram til det nivået er det eit blodbad. Då er det viktig å ha med folk som har tru på oss, som ser at dette kan verte noko stort i framtida, seier han.

Med den internasjonale satsinga viser selskapet at ambisjonane ikkje har blitt svekka sidan oppstarten i 2012. Responsen på kampanjen viser at det er nok av folk som har trua på at dei skal lukkast.

– Vi er eit veldig lite selskap, men likevel det største alpine skimerket i Norge. No ønskjer vi oss til alpelanda, Nord-Amerika og mange andre land. Men det krev ei skikkeleg satsing, seier Frimanslund.

Til toppen