MURAR: Dei fire arbeidarane frå Nepal er godt i gang med å handmura deler av Kongevegen. Foto: Jan Adriansen. 
MURAR: Dei fire arbeidarane frå Nepal er godt i gang med å handmura deler av Kongevegen. Foto: Jan Adriansen. 

Sherpaane kom ekstra tidleg i år

Det er få som får til jobben som dei fire arbeidarane frå Nepal no er i gong med langs Kongevegen.

Lærdal: Dei fire mennene frå Nepal er i full gong med å restaurera Vindhellavegen akkurat slik det vart gjort for 200 år sidan. 

– Fleire har sagt at det er domt å hente folk frå utlandet til å fiksa vegane våre. Jobben på Kongevegen vart utlyst to gonger, men det var berre karane frå Nepal som ville ta på seg jobben, seier Jan Adriansen, prosjektleiar for Kongevegen over Filefjell. 

Les også: Sensasjonelt funn av historiske kart over Kongevegen

Holdt på å rase saman

Tre av dei fire sherpaane har jobbe med restaureringa av Kongevegen i to år. I år starta dei ekstra tidleg og er i full gang med Vindhellavegen. 

– For ikkje så lenge sidan var det eit stykkje av vegen som holdt på å rasa ut. Me ville setta i gang med restaureringa før raset gjekk, ellers hadde me fått ein enda større jobb. No kan vi kontrollere steinmassane og leggje dei der me vil, seier Adriansen. 

Sherpaane har halde på sidan 15. februar i år. Dei samarbeida med entreprenørfirmaet Voll Lunde Maskin AS om dei tunge løfta. 

– Det er den tidlegaste starten dei har hatt i Noreg. Grunnen til at me starta opp så tidleg, var fordi me ikkje fekk gjort jobben i haust. Når me køyre inn tunge maskiner, må det vera tela i bakken slik at vegen ikkje vert øydelagt, seier Adriansen. 

To veker etter påske skal muringa vere ferdig og sjølve prosjektet skal ferdigstillast 1. juli, men arbeidet med vegen held fram. 

Levande kulturminne

–  Entreprenøren har prøvd folk fra 11 forskjellige land opp gjennom åra for å finne dyktige håndverkere til tørrmuringsjobber rundt i Norge, seier Adriansen. 

Dei fire sherpaane er hyra inn av Fjellbonde og Snekkermester Geirr Vetti som har teke på seg jobben med Kongevegen.

– Kongevegen over Filefjell er rekna for å vere ein av dei viktigaste veghistoriske kulturminna i Noreg. Då må dei restaurerast på ein skikkeleg måte og det meste må gjerast for hand, seier Adriansen. 

Stor interesse

Sjølv om prosjektet skal ferdigstillast til sommaren, forklarar Adriansen at vegane aldri kjem til å bli heilt ferdige.  

– Vegane er eit levande kulturminne. Det skjer alltid noko som må endrast. Til sommaren vert det ti mil med vandreveg langs Kongevegen, seier han. 

Folk tek kontakt via sosiale media og telefon fleire gonger i veka for å høyre når vegen er klar og om det er overnattingsmoglegheiter i området. 

– Folk har mykje spørsmål angåande turvegen. Me har eit bedriftsnettverk som legg til rette for turar, forklarar Adriansen. 

I mai skal det setjast opp ein ny bru i Galdane som kjem til å vere ein eksakt kopi av den som stod der for 200 år sidan. Ei liknande bru vart også sett opp i fjor. 

– Me har til og med fått tillatelse av sjølvaste kongen til til å bruka han sitt monogram på brua. Det kan ein ikkje bruka kvar som helst, avsluttar Adriansen. 

 

Til toppen