TOPP INNSATS: Ei plassering blant dei åtte beste ungdomsbedriftene i landet var meir enn karane bak ShoeSaver hadde våga å håpe på førehand. Foto:  UE Norge /Flickr.
TOPP INNSATS: Ei plassering blant dei åtte beste ungdomsbedriftene i landet var meir enn karane bak ShoeSaver hadde våga å håpe på førehand. Foto: UE Norge /Flickr. (Foto: UE Norge /Flickr)

ShoeSaver på NM: Topplassering og nestenmøte med «kronpen»

– Det er noko me aldri kjem til å gløyma.

Oslo: – Det er spesielt å få lov til å representera vårt fylke. Toppen på kransekaka er at me vart topp åtte i Norge, seier Hans Skogli, dagleg leiar i ungdombedrifta ShoeSavers frå Årdal vidaregåande skule.

Når vi ringer sit han og resten av gjengen på bussen heim til Årdal etter to inspirerande dagar. Med kronprins Haakon som æresgjest vart NM i ungdomsbedrift arrangert i Lillestrøm torsdag og fredag.

BERRE NESTEN: Kronprins Haakon tok seg tid til å besøke entreprenørskapsmessa i forkant av prisutdelinga, men den ivrige fesvivalgjengaren gjekk diverre glipp av standen til ShoeSaver.
BERRE NESTEN: Kronprins Haakon tok seg tid til å besøke entreprenørskapsmessa i forkant av prisutdelinga, men den ivrige fesvivalgjengaren gjekk diverre glipp av standen til ShoeSaver.

ShoeSavers har vunne prisar på rekke og rad for deira innsats for å redde fottøyet til landets festivalgjengarar. På NM vart det på ny heider: årdølene var blant dei åtte som fekk utmerking av juryen i hovudategorien «Norges beste ungdomsbedrift».

– Det var enormt å få vera med på NM. Det er noko me aldri kjem til å gløyma, seier Skogli.

Les også: No er dei klare for NM for ungdomsbedrifter
Les også: Dei er beste ungdomsbedrifta i fylket

Kronprins Haakon var den som delte ut hovudprisen, men han tok seg òg tid til å besøke messene i forkant. Det førte til eit nestenmøte for dei unge årdølene, som kunne hatt ein potensiell kunde i den ivrige festivalgjengaren.

– Me var ikkje klar over det sjølve, men me fekk høyre av andre at han faktisk møtte Mette Marit på ein festival. Så det hadde vore bra å få han inn på standen vår, vedgår Skogli, som skuffa måtte konstantere at slik gjekk det ikkje.

– Me stod klare når han kom på messeområdet, men han gjekk ein annan veg.

Han og resten av gjengen er imponert over nivået på dei andre deltakarane og idèane dei har kome opp med. Det har berre gjort dei enno meir inspirerte.

– No er det berre til å jobba vidare og prøve å få produktet meir ut på marknaden og stå på vidare, seier Skogli.

Til toppen