ORGELMAKAR: Nederlandske Sicco Stendam har bygd orgel sidan han forlet skulebenken. No skal han gje seg i kast med Stedje kyrkje. (Bilde: Halvor Farsund Storvik)

Sicco har laga orgel i førti år, men aldri eit som dette

– Det vil gje ein lyd som eg trur vil vekke kjenslene hos folk.

Sogndal: Ti meter høgt, seks meter breitt og tre og ein halv meter djupt. 

– Det er eit stort orgel, det største eg nokon gong har laga, konstanterer den nederlandske orgelbyggjaren Sicco Steendam, der han står mellom benkeradene i Stedje kyrkje. Han viser med handa mot golvet og alle delane han skal sette saman dei neste vekene.

Dei utvendige måla fortel likevel lite om kva kyrkjegjengarane i Sogndal har i vente.

– Det vil gje ein lyd som eg trur vil vekke kjenslene hos folk. Eg kan nesten ikkje vente til det er ferdig, seier Steendam.

Skjult skatt

Det er ei grunn til at tålmodet er tynnslite. Pipene kjøpte han brukt alt for ti og femten år sidan. Dei stammar frå velkjente J. H. Jørgensen Orgelfabrik. Fabrikken vart lagt ned i 1983 og har med tida fått eit delvis dårleg rykte. Delvis fortent, meiner Steendam, fordi mekanikken i enkelte utgåver var elendig. Men som han seier: 

– Pipene var alltid gode. 

Tretti prosent trepiper, resten tinn, gir ein nesten symfonisk karakter til lyden, forklarer Steendam. Men framleis er det mange som kvittar seg med desse orgla, utan å vere klar kva skatt dei har site på.

– Eg trur dette orgelet vil bli diskutert når det står ferdig, for då kan ingen lenger seie at dei er søppel.

Enno tek det fleire månader før sogningane kan få høyre vidunderet med eigne øyre. Først vil det ta eit par-tre veker å montere orgelhuset. Deretter kjem eit tysk firma for å installere spelepulten, som det heiter, for orgelet er heilelektrisk og styrt av ei ikkje ukomplisert datamaskin.

– Vanlegvis kostar det mykje krefter for organisten å presse ned fleire tangentar samstundes, dette skjer no automatisk med magnetar, forklarer Steendam.

Skal stå ferdig våren 2018

Når tyskarane er ferdige vil han returnere på nyåret for å arrangere pipene og velsigne dei med ein lyd som står til kyrkja. Då får han bruk for all erfaringa han har opparbeidd gjennom førti år i faget.

– Eg kom rett frå skulen og kan ikkje gjere noko anna. Berre dette, seier Steendam. 

Kyrkjeverje Jorunn Merete Haukås-Eide fortel at orgelet har kosta nærare fem millionar, inkludert nødvendige utbetringar på galleriet. Nokre strenge vintrar hadde gjort det førre uråd å stemme.

– No gler me oss voldsomt og håpar at me utpå våren 2018 får lyd i eit nytt flott orgel med førti stemmer, eit konsertorgel som vil gje både kyrkjelyden og alle andre mange gode opplevingar, seier ho.

Til toppen