Moro: Desse synes det er moro å vere med. 
Bak frå venstre: Anne Grete Søfting og Merete Hjelle. Framme frå venstre: Jan Øren, Henry Walaker, Henry Gram og Hanne Britt Eldegard. Foto: Kaja Nygård 
Moro: Desse synes det er moro å vere med. Bak frå venstre: Anne Grete Søfting og Merete Hjelle. Framme frå venstre: Jan Øren, Henry Walaker, Henry Gram og Hanne Britt Eldegard. Foto: Kaja Nygård 

Sidesprang med forviklingar

Farnes Ungdomslag er i gang med øvingar til teaterframsyninga, som har premiere i april. Bjørn Årebru har regien på stykket. 

Årdal: Fire år har gått sidan førre teaterframsyning frå Farnes Ungdomslag. No er dei i gang med øvingar til eit nytt teaterstykke, som handlar om sidesprang med veldig mange forviklingar. Det er Bjørn Årebru som har regien, og han fortel at dette er eit svensk stykke som heiter UTROligHET.

- Dei siste åra har me vore i gang med to ulike stykke, men har lagt dei vekk, fordi me synes ikkje dei passa oss. Men denne gongen kjem me i mål, smiler Årebru.

Han legg til at dette er eit stykke med mykje moro og mykje latter, så publikum kan gleda seg.

Moro på øving

Farnes Ungdomslag sine teaterstykke har alltid vore omkransa av gode amatørskodespelarar, og UTROligHET er intet unntak. Til det nye stykket kan Årebru fortelje at dei er seks stykker, der to av dei har vore med tidlegare.

- Me ler mykje på øvingane og har det veldig moro, fortel dei.

Dei starta øvingane allereie i januar, men dette er første gongen dei øver heile helga.

- Stykket me skal sette opp er skikkeleg moro, seier dei samstemte og gledar seg til premieren.

Årebru fortel at det blir sett opp tre forestillingar.

Lang tradisjon

Farnes Ungdomslag har heilt sidan oppstarten i 1896 drive med skodespel. Fram til 1985 så gjekk det stort sett i bonderomantiske stykker, der framsyningane var i ungdomshuset.

- I 1986 tok me steget og viste fram stykket «den spanske flue». Då hadde me framsyninga i samfunnshuset, og sidan har me vore der, seier Årebru.

Han legg til at «den spanske flue» var det første store stykket dei gjorde, og kan stolt fortelje at heile 2400 fekk med seg det populære skodespelet.  

- Sidan vart det 20 skodespel til. 

No står altså skodespelet UTROligHET for tur.

- Me ynskjer at publikum skal få det like moro som me har det på øvingane, avsluttar ein nøgd Årebru.

Til toppen