REKORD: Jotun scorte meir mål laurdag enn dei har gjort før i serien. Foto: Arkiv. 
REKORD: Jotun scorte meir mål laurdag enn dei har gjort før i serien. Foto: Arkiv. 

Siger og scoringsrekord for Jotun/Årdalstangen

Handballjentene sigra på bortebane då dei møtte Syril laurdag. 

Syril - Jotun/Årdalstangen: 24-29

Syril hadde overtaket dei første 10 minuttane, før Jotun tok føringa og held god kontroll resten av kampen. 

 – Jentene spelte ein god kamp, fortel trenaren til Jotun/Årdalstangen, Olafur Sveinsson.

–Eg er faktisk ganske nøgd over akkurat denne kampen. 

Han fortel vidare at 29 mål er meir enn Jotunjentene har scora på nokon av dei førre kampane denne sesongen. 

Jotun/Årdalstangen ligg no på 2. plass i serien og har to resterande kampar før sesongslutt. Sveinsson fortel at sesongen har vore over all forventing. 

Les også: Sigra i årets siste heimekamp

– Me sat som mål å vere blant dei tre øverste, men me ligg likevel foran skjema. Det er bra stigning i utviklingen og me blir betre for kvar kamp. 

Til toppen