Sogndal: Trenar Øystein Lindesteg Rinde seier til Porten.no at dei fekk tidleg scoring av Vårin Laila Eriksen Ness, noko som gav kjempetru på at dei ville vinne kampen.
– Rinde seier Kaupanger streva lenge for å få andre scoring. Den kom i 83. minutt, også denne av Ness. Kaupanger var beste laget gjennom heile kampen.
På slutten i 89. minutt sette Silje Torvanger 3-0. Torvanger har vore vekke i seks månader med skade.
Tap for Fjøra
Like bra gjekk det ikkje for Fjøra. Kampen enda med eit tap på 6-0 mot Fyllingsdalen. Trenar Håvar Hatle seier til Porten.no at Fyllingsdalen var mykje betre, og at det vert nye muligheiter neste gong.
– På søndag inviterer vi til Ragnarok på Campus, legg Hatle til. Då skal Fjøra møte Førde på heimebane.