ENGASJERT: Det var eit engasjert panel som diskuterte lokale saker under skulevalet på Årdal vidaregåande skule torsdag.
ENGASJERT: Det var eit engasjert panel som diskuterte lokale saker under skulevalet på Årdal vidaregåande skule torsdag. (Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen)

Siger til Senterpartiet

Med høglytte diskusjonar i panelet, prøvde dei ulike partia å vinne elevane si stemme under skulevalet ved Årdal vidaregåande skule. 

Det var ikkje rom for tvil då resultatet etter skulevalet på Årdal vidaregåande skule var klart. Heile torsdagen var sett av til politikk og det komande fylkesting- og kommunevalet. 

Med 38,7 prosent av stemmene drog Senterpartiet og Aleksander Øren Heen sigeren i hamn med god margin. 

Artikkelen held fram under biletet.

NESTEN FULLT: Frammøteprosenten på skulevalet 2015 enda på 95 prosent. Dette er ei auke på 3,7 prosent frå skulevalet i 2011.
NESTEN FULLT: Frammøteprosenten på skulevalet 2015 enda på 95 prosent. Dette er ei auke på 3,7 prosent frå skulevalet i 2011.

Skulepolitikk

I forkant av paneldebatten hadde elevane førebudd nokre spørsmål til politikarane. Det omhandla i all hovudsak skulepolitikk, og panelet vart testa i emner som korleis å halde på den vidaregåande skulen, korleis partia vil bidra til å skape fleire arbeidsplassar, samt kva yrker dette skal vere.

Debattantane nytta anledningen til å greie ut om sine meiningar, og nokre av politikarane var meir tydelege enn andre. Det vart til tider munnhoggeri blant deltakarane i panelet, noko som ved eit par anledningar fekk publikum til å bryte ut i latter.

Spørsmåla vart lest opp av ordstyrar Jasmin Eminovic, og det gjorde publikum veldig passive, ifølgje skuleval-vinnaren Aleksander Øren Heen. 

– Det hadde vorte meir levande om dei i salen hadde stilt spørsmåla, sa han etter debatten. 

Eminovic forklarar at mange av elevane ikkje ville spørje panelet under sjølve debatten, og difor fekk dei sende inn spørsmåla til ordstyrar før debatten. 

– Me er nøgde med dagen i dag. Dette har me planlagt lenge og involvert elevar heile vegen både før, under og etter denne dagen. Elevane har vore særs aktive i heile prosessen, alt i frå klassebesøk, valtorg, med debatt-spørsmåla, samt etter debatten. I etterkant av paneldebatten fekk me gode tilbakemeldingar frå nokre av deltakarane, seier han.

Nedgang på 10 prosent

Arbeidarpartiet kom på andre plass med 45 stemmer, og enda såleis opp på 23,6 prosent. Dette er ein solid nedgang frå førre skuleval i 2011, då resultatet vart 33,7 prosent, ein nedgang på heile 10,1 prosent.

I 2011 var det ein skilnad på 3,1 prosent mellom Arbeidarpartiet og Senterpartiet, og sistnevnte vann også dette valet. 

Hovudhandel i Øvre Årdal

Porten.no tok seg ein prat med ein av elevane før paneldebatten, og Endre Kauppi Straumsheim har fleire konkrete ynskjer for dei fire komande åra. 

Artikkelen held fram under biletet.

KLAR TALE: Endre Kauppi Straumsheim har tydelege meiningar om kommunepolitikken.
KLAR TALE: Endre Kauppi Straumsheim har tydelege meiningar om kommunepolitikken.

Kva er den største utfordringa til Årdal kommune i neste periode?

– Å få gjennomført det dei vert einige om. Blant anna handelen i Årdal, og kvar dette skal vere. Det er trist å sjå korleis det er på Tangen no, men det er viktig å bygge opp den positive utviklinga som har skjedd i Øvre. Det er ikkje tilfeldig at helsehuset vart lagt her. Det er for å styrke handelen, og det er viktig å skape ein link mellom helsetenestene og handelen.

Han peikar på korleis det er i mange større byar, der ein ofte finn tannlegar og andre helsetenester tilknytta eit kjøpesenter.

– Eg meiner at offentlege instansar som rådhus og NAV kan vere på Tangen, og at hovudhandelen vert lagt til Øvre.

Kva meiner du om kommunereforma?

– Eg tykkjer det er feil. Det vil vere vanskeleg for kommunestyret å samhandle, og eg trur det vert mange interessekonfliktar. Kommunane i dag har ulike behov, der til dømes Årdal er eit industrisamfunn medan Lærdal har meir landbruk.

Kva kan politikarane gjere for å få unge til å bli i kommunen, og samstundes få nye innbyggarar?

– Det er vanskeleg å svare på. Men den vidaregåande skulen må sjølvsagt bevarast. Det same gjeld arbeidsplassar, og halde fram med det gode samarbeidet mellom (Sogn, journ. mrk) opplæringskontor, lærlingane og bedriftene.

Kva tenkjer du om debatten om å ha to av alt?

– Me er ein kommune, og eg tykkjer det er unødvendig med til dømes to friluftsbasseng. 

Ynskjer du stemmerett ved 16 år eller 18 år?

– 18 år. Når ein er seksten år klarar ein ikkje å bruke stemmeretten fornuftig.

Til toppen