SIGEREN GLAPP: Joachim Furset kunne blitt matchvinnar mot Syril, men sigeren glapp då vertane fekk straffespark på overtid. Arkivfoto: Jan Ove Skjerping.
SIGEREN GLAPP: Joachim Furset kunne blitt matchvinnar mot Syril, men sigeren glapp då vertane fekk straffespark på overtid. Arkivfoto: Jan Ove Skjerping.

Sigeren glapp i siste minutt

Årdal 2/Jotun/ÅTIL kunne tatt tabelltopp, men eit straffespark imot på overtid øydelagde.

Leikanger: Det vart ein skikkeleg målfest då samarbeidslaget frå Årdal møtte tabelltopp Syril onsdag kveld. 

Etter ein omgang utan scoringar i kveldssola på Syril kunstgras kom måla som perler på ei snor etter kvilen.

Før ti minuttar var spelt hadde Erlend Husabø og Stian Sælid Njøs gitt heimelaget ei tomålsleiinga.

Då vakna også gjestane frå industribygda til. Like etter timen var spelt sette innbyttar Kenth Lægreid inn reduseringa før Abdul Wahabu Abbas utlikna.

Snuperasjonen var komplett like før slutt då Joachim Furset gav samarbeidslaget 3-2, men ikkje før han var ferdig å feire målet, fekk heimelaget straffespark, som Erlend Husabø sette i mål.

Syril beheld dermed ei luke på to poeng ned til dei neste laga på tabellen. For årdølene sin del heng dei framleis godt med i toppen på ein 4. plass med tre poeng opp til Syril. 

Avdeling 1 i 5. divisjon er utruleg jamnspelt. Etter 8 kampar er Hyllestad/Dale 2 det desidert svakaste laget med 0 poeng, medan berre sju poeng skiljer topp og botn blant dei resterande sju laga. 

Til toppen