Sigeren glapp igjen for Sogndal 

Sigeren glapp igjen for Sogndal 

Heimelaget såg lenge ut til å ha sigeren i lomma. Men ein strålande soloprestasjon hindra Sogndal i å ta ein etterlengta trepoengar.

Sogndal - Stabæk: 1-1

Sogndal har ikkje vunne sidan bortesigeren mot Haugesund for ganske nøyaktig èin månad sidan. Dei to tapa mot Rosenborg og Viking var greie. Men uavgjort mot Start sist og Stabæk no, etter å ha leia begge kampane, er sure poeng å gje frå seg.  

– Me fekk eit slag i trynet i Kristiansand. I dag fekk me ein ny ein i trynet, i ein kamp eg føler me har godt kontroll. Det seier seg sjølv at me er skuffa, seier Bakke etter nok ein poengdeling mot Stabæk.

Les også: Start slo tilbake då Henrik Furebotn opna målkontoen

KANONADE: Det stod ikkje på talet avslutningar, men stabækspelarane var flinke til å blokkere. Her er det Eirik Birkelund som prøver seg etter eit hjørnespark.
KANONADE: Det stod ikkje på talet avslutningar, men stabækspelarane var flinke til å blokkere. Her er det Eirik Birkelund som prøver seg etter eit hjørnespark.

Stort keeperspel

Kun Mande Sayouba i stabækmålet hindra Sogndal i gå til pause med leiing. Otoo, Ramsland og Koomson hadde alle gode skotforsøk, men fingrane til Sayobua vart akkurat lange nok kvar gong.

– Eg veit ikkje om det var vi som skaut han god, eller han som var bra. Med litt flyt kunne vi ha leia 4-0, seier Martin Ramsland.

NOK AV SJANSAR: Martin Ramsland og Sogndal kunne ha avgjort kampen før pause. Men skotforsøka gjekk anten i blokka, eller i fingertuppane til ein solid Mande Sayouba.
NOK AV SJANSAR: Martin Ramsland og Sogndal kunne ha avgjort kampen før pause. Men skotforsøka gjekk anten i blokka, eller i fingertuppane til ein solid Mande Sayouba.

Sogndal var raskast ut av blokkene i andre omgang òg. Otoo var den første til å prøve seg frå skrå vinkel. Keeper måtte gje ein farleg retur, men ballen trilla forbi alle.

Ti minutt ut i omgangen kom Sogndal fri på venstrekanten. Innlegget frå Raitala var perfekt, men Ramsland mista balansen i opphoppet og headinga vart deretter.

I det 65. minutt var Dyngeland på halvdistanse då ballen vart heada forbi. Lysluggen kunne berre snu seg og konstantere at Psyche fekk rydda opp med ein lang fot.

Fekk utlikninga rett i trynet

Fem minutt seinare vart det endeleg jubel på Fosshaugane. Sogndal  kontra og Otoo sende Koomson med fri bane mot mål. I staden for å skyte sentra ghanesaren uegoistisk til ein betre plassert spisskollega. 

– Han slår meg fri på blank kasse, så då scorar eg faktisk. Det var godt å få eit mål igjen, seier Ramsland.

Tidlegare i sesongen har sørlendingen kanskje vore vel så kjent for dei til tider småtunge mottaka og dei luggete pasningane, som den harde jobbinga.

Men formkurva er stigande og i dag var Ramsland kompis med ballen kampen gjennom. Utanom scoringa var han mykje involvert i det Sogndal skapte, med gode føringar og smarte flikkar. Sjølv trur Ramsland det har teke tid å venne kroppen til all jaginga på topp.

– Tidlegare har det kanskje gått litt på bekostning av det offensive. No trur eg det ikkje skal ha så mykje å seie lenger, eg har fått trent godt over tid og byrjar å bli vant med rolla. I dag føler eg at eg er mykje involvert. Det er gøy å ikkje berre springe etter forsvarsspelarane. Det var eigentleg ei fin oppleving fram til utlikinga, seier han.

Unødvendig utlikning

For det var ikkje lenge jubelen rakk. Knappe ti minutt seinare sette venstreback Birger Meling fart midt i bana. Med ei salig tofotsfinte sette han heile midtbana til Sogndal ut av spel, før han prikka inn målet med eit skot med venstrefoten frå tjue meter. Etter det prøvde Sogndal å trykke på, men hadde ikkje så mykje meir å kome med.

Det skuffa Gilbert Koomson, som forøvrig var tilbake på det same høge nivået som vi kjenner han frå tidlegare i sesongen.

– Vi tapte to poeng i dag. Vi var best i begge omgangane, men må betale dyrt for at vi tapar konsentrasjonen. Eg kan ikkje tru måten vi slepp inn målet, det var altfor lett, seier Koomson.

Den målgjevande pasningen han gav til Ramsland sender Koomson opp på ein delt førsteplass over assistar i eliteserien, uansett korleis du vel å telje dei.

– Eg føler eg gjer jobben min i dag. Eg prøvde hardt å få eit mål, men det gjekk ikkje. Likevel er eg glad for at eg kan hjelpe lagkameratane mine, seier han. 

NY GOD KAMP: Ingen i eliteserien har fleire assistar enn Gilbert Koomson. I dag var han eit konstant uromoment på kanten òg noteterte seg for ein ny målgjevande pasning.
NY GOD KAMP: Ingen i eliteserien har fleire assistar enn Gilbert Koomson. I dag var han eit konstant uromoment på kanten òg noteterte seg for ein ny målgjevande pasning.
Til toppen