- Artikkelen er først publisert i Årdal før og no, ei medlemsavis hjå Årdal Sogelag. Teksten er publisert på Porten.no etter avtale med styret i Årdal Sogelag. Dette fortalde Sigmund Hovland til Atle Romøren i april 2008.
Det var i den tida det budde folk på Geithus. Tanken om bosbrenneri her var enno ikkje tenkt, men svart røyk velta likevel opp ved foten av Geithusbakken. Det er Sigmund Hovland frå Naddvik, som inne i førarhuset på eit svart damplokomotiv, lempar skuffe etter skuffe med kol inn i den gloraude fyropninga. Med vande rørsler vert kola fordelte, varmen er intens, fordampinga svær, manometeret viser at damptrykket er på topp og lokomotivet er klart for å gå laus på Geithusbakken.