VILLE HA ORDEN PÅ DETALJANE: Sigmund Solvoll (i midten, Ap) ynskte ikkje å vedtaka nokon investeringsplan utan å ha kome på det reine med kva som har vore nedprioritert. Han ville også vita kvifor ting han meinte høyrer innunder vedlikehald skal finansierast gjennom ein investeringsplan.
VILLE HA ORDEN PÅ DETALJANE: Sigmund Solvoll (i midten, Ap) ynskte ikkje å vedtaka nokon investeringsplan utan å ha kome på det reine med kva som har vore nedprioritert. Han ville også vita kvifor ting han meinte høyrer innunder vedlikehald skal finansierast gjennom ein investeringsplan. (Foto: Snorre Sandemose)

Sigmund Solvoll (Ap) fekk lagt strategisk investeringsplan på is

Investeringssaka, som i utgangspunktet kunne sjå ut som ein enkel prosedyre, køyrde seg fast då Sigmund Solvoll (Ap) ville setja prinsipp høgast.

Årdal: – Me har ei lang liste med etterslep på vedlikehaldsfronten i kommunen. Men har me ein million til rådvelde, so har me ein million, og det er dette me har prioritert i år, innleia rådmann Olve Fossedal.

I samsvar med økonomi- og handlingsplanen for Årdal for åra 2018-2021, er det sett av ein million kroner årleg som kommunen skal nytta til mindre investeringar innan tenestesektoren. 

Formannskapsrepresentane var alle samde om at det var nyttige og presserande ting rådmannen hadde kome med framlegg om å prioritera i 2018: 

* Inneklima på Tangen skule (solskjerming).

* Toalett på Tangen skule.

* Ein ny støttemur bak hovudhuset i Ofredalen, etter at delar av den gamle muren har rasa ut der.

* Nye og moderne reinhaldsmaskiner for det kommunale reinhaldet.

* Utskifting av oljekjelar. Rådhuset, Tangen skule og Farnes skule er kommunale bygg som har oljekjeleoppvarming.

*Komplettering av kulturhuset med ventilasjonsanlegg i kjellaren, montering av ei rampe for inn- og utlasting, installering av ei dør mellom eldresenteret og salen, og innkjøp av nytt inventar. 

Såg parallell til saka om friluftsbadet på Årdalstangen

Ikkje før saka hadde kome på bordet, ville Sigmund Solvoll (Ap) vita kva for kriterium som låg til grunn for prioriteringane rådmannen hadde gjort.

Eg vil vita kva me har nedprioritert. Det veit eg ikkje no, difor ynskjer eg å utsetja saka, sa Solvoll. 

Dinest kunngjorde han at han hadde ei anna viktig innvending å koma med:

– Det er ikkje berre investeringar som er lagde fram her, men også vedlikehaldspostar. 

Solvoll protesterte energisk mot at vøling av Ofredalsmuren skulle karakteriserast som ei investering.

– Dette er naturleg vedlikehald. Dette var me innom på bassengsaka òg. Då såg me korleis det kan gå når me kallar noko som eigentleg er vedlikehald for ei investering, sa Solvoll. 

Han sikta til at kommunestyret før jul vedtok å halda friluftsbassenget ope, men valde å gjera retrett då det vart klart at kostbare investeringar trongst for å halda bassenget ope. Solvoll meiner derimot at det var naudsynt vedlikehald som laut gjerast på bassenget på Årdalstangen, og ikkje investeringar. 

Solvoll meiner at naturleg vedlikehald er noko som skal skje utan politiske investeringsvedtak. 

Rådmannen lytta til det Solvoll hadde å seia, og svara so med fatning. 

– Dermed lyt alle desse investeringane verta utsette. Men det er ikkje noko problem at ting vert utsette ein månads tid, det er ein del av dette gamet, sa Fossedal. 

Solvoll møtte ein del motbør før avrøystinga

Ei av dei som ikkje lét so glad for at Solvoll ikkje ville godkjenna investeringsplanen, var Sandra Opheim (uavhengig representant).

– Inneklimaet på Tangen skule hastar det å gjera noko med, likeins toalettet. Og me treng dei reinhaldsmaskinenene. Dette er viktig. Kan me få igjennom det i dag?, bad ho. 

Seinare la ho til at ho ynskte å sjå at muren i Ofredalen vert vølt so snart som råd. 

Også rådmannen gav etter kvart til kjenne at han tykte det i verste fall kan verta ganske uheldig å ikkje ta affære med muren so snart som råd. 

– Arbeidet med støttemuren bak hovudhuset i Ofredalen må gjerast. Om det rasar meir ut der kan det gå ut over huset som står der. Eg vil vel tru at det er ingen som ynskjer at dette skal verta øydelagt fordi me ikkje vert samde om kva som er investeringar og kva som er vedlikehald, sa rådmann Fossedal. 

Men Solvoll veik ikkje ein tomme. Av omsyn til god prosedyre ynskte han ikkje å ta stilling til noko som helst før han har fått klarsyn i kva for andre moglege investeringstiltak det er som er vortne nedprioritert. 

Etter møtet var han overfor Porten.no krystallklår på at dersom ei utgift skal plasserast  innunder investeringsposten, lyt det vera snakk om nytt utstyr eller eit nytt anlegg.

– Dersom noko vert neglisjert so lenge at det brått krevst ei skikkeleg investering, skal denne investeringa likevel takast over vedlikehaldsbudsjettet, seier han. 

Solvoll vann fram 

Saka vart, som Solvoll ynskte, utsett og skuva fram til fyrstkomande kommunestyremøte. 

I avrøystinga vann nemleg Solvoll fram med siffera 3-3, for partifellene Hilmar Høl og Arild Ingar Lægreid røysta med han. Når det er uavgjort i ei slik avrøysting, vert det i høve norsk lovgjeving siger til det partiet som har ordføraren på laget. 

Grunnen til at det ikkje alle sju formannskapsmedlemene røysta, var at Erling Offerdal (Sp) erklærte seg sjølv ugild. Han sit i styret i Indre Ofredals Vener, eit lag som ynskjer å sjå muren i Ofredalen vølt so snøgt som råd.

Dersom meir av muren rasar ned og det kjem mykje nedbør, so kan det koma vatn inn i det gamle våningshuset som står bakom der. Våningshuset er eitt av fleire kulturminne som Indre Ofredals Vener har tilsyn med der i området.

Opheim røysta for å vedta investeringsplanen, trass i ei innvending

Etter at Solvoll hadde kome med sin kritikk mot investeringsplanen, viste det seg at også Sandra Opheim hadde noko å innvenda på eit punkt. 

Ho synte til at det er kome krav ifrå staten om at alle offentlege bygg må gå vekk ifrå oljekjeleoppvarming innan 2020. 

– Det kan vera greitt å venta med å byte ut oljekjelane til me vert pålagde å byta dei, so kan me få kompensasjon, sa Opheim. 

Overfor Porten.no har rådmann Olve Fossedal uttrykt at han er glad for dette innspelet.

– Det var eit veldig nyttig innspel.

Fossedal utelukkar ikkje at han heller vil tilrå å venta med denne investeringa til eventuelle statlege finansieringstiltak kan koma på bana. 

Til toppen