SIGNERTE: Onsdag 12. mai signerte det austerriske selskapet Strabag kontrakt saman med Statens vegvesen. Foto: Ole Kristian Åset, Statens vegvesen
SIGNERTE: Onsdag 12. mai signerte det austerriske selskapet Strabag kontrakt saman med Statens vegvesen. Foto: Ole Kristian Åset, Statens vegvesen

Signerte kontrakt om bygging av Øye-Eidsbru

Statens vegvesen signerte torsdag kontrakt med Strabag AG om bygging av Øye-Eidsbru på E16 Filefjell.

Filefjell: 70 til 80 personar vil jobbe på prosjektet på det meste, og at mange av dei tilsette vil vere norske.

Les også: Austerrikarar får byggja på Filefjell

– Dette er første kontrakten vår med Statens vegvesen, og det betyr mykje for oss. Det er eit mellomstort prosjekt, og det gir oss gode mulegheiter til å vise vår kompetanse på tunnel-, veg- og brukonstruksjon, sa prosjektleiar Wolfgang Mysliwietz i Strabag AG NUF - den norske divisjonen av det austerrikske selskapet.

Ser fram til å starte

Sjølve Signeringa vart gjort av Hannes Gamsjäger og Robert Fritz frå Strabag og prosjektdirektør Kjartan Hove frå Statens vegvesen Region vest.

Prosjektleiar på E16 Filefjell, Odd Erik Haugen, gler seg til å kome i gang med arbeidet på den nye kontrakta, og snart vil det vere full aktivitet på to delstrekningar på fjellovergangen mellom Bergen og Oslo.

– Strabag er eit stort firma, og me ser fram til å samarbeide og bli betre kjent med dei. Målet vårt er å gjennomføre kontrakta utan ulykker og få bygd eit veganlegg av god kvalitet til det beste for trafikantane, sa Haugen.

Til toppen