UNDERSKRIVING: Adm. direktør Jon Bolstad i Helse Førde og divisjonsdirektør Kjetil Ruud i Norconsult signerer storkontrakten. Bjørn Rønne Lindholt (Sjukehusbygg), Lars Idar Vegsund, Øystein Skauge, Klaus Andrassen (alle Norconsult) og prosjektleiar Kjell Inge Solhaug følgjer med. Dersom alle opsjonar blir tekne i bruk, er avtalen verdt 100 millionar kroner. Foto: Helse Førde.

Signerte millionkontrakt på nye Førde sjukehus

Norconsult skal levere rådgjevings- og arkitekttenester til planlegginga av nye Førde sjukehus. Kontrakten, verdt fleire titals millionar, er no underskriven.

Det går fram av ei pressemelding. Norconsult, som har tilsette i både Årdal og Sogndal, leverte det beste tilbodet og vann fram på oppgåveforståing, heiter det i ei pressemelding.

– Me er svært nøgde med å få Norconsult og Nordic med på laget. Begge er store og seriøse selskap. Norconsult er også representert med kontor fleire stader i Sogn og Fjordane. Det har ikkje vore noko kriterium for tildelinga, men me er sjølvsagt glade for at deira kontor i Førde vil spele ein vesentleg rolle i arbeidet framover, seier prosjektleiar Kjell Inge Solhaug.

Norconsult var ein av seks tilbydarar som leverte tilbod. Innanfor sjukehusbygg, er dette eit av dei største oppdraga dei har i dag.

– Me ser på det som ei stor anerkjenning at Helse Førde har valt oss og Nordic til dette oppdraget, seier divisjonsdirektør for bygg og anlegg i Norconsult, Kjetil Ruud.

Norconsult og Nordic er tildelt jobben med å kvalitetssikre konsept og forprosjekt for det nye sjukehuset, og dei har opsjon på oppdrag i vidare fasar av arbeidet.

Sjukehuset skal utvidast med kring 10 000 kvadratmeter nybygg, medan ca. 50 000 rutemeter av den eksisterande bygningsmassen skal rehabiliterast. Norconsult blir totalleverandør av alle ingeniørfag, landskapsarkitektur, spesialfag og prosjektgruppeleiing. Nordic skal levere arkitektfag i oppdraget. 

Til toppen