Indre Sogn: Fylkeskommunen har signert ein regional samarbeidsavtale med Innovasjon Norge, Norges Forskingsråd og Siva, med mål om å styrka klyngesamarbeid og kompetansemiljø i fylket.
Det skriv fylkeskommunen i ei pressemelding torsdag.
– Ei formalisering av samarbeidet er eit steg på vegen mot endå betre resultat med tanke på nye arbeidsplassar og kompetente medarbeidarar, seier Jan Heggheim, fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune og leiar for Næringsforum.
Fylkeskommunen tek leiinga
Innovasjon Norge, Norges Forskingsråd og Siva har frå før nasjonale samarbeidsavtalar. Desse vert følgt opp av regionale avtalar saman med fylkeskommunane, heiter det.
Det er ei at fylkeskommunen tek leiinga i dei regionale avtalane når det gjeld koordinering av den samla aktiviteten, og regionale planar for verdiskaping.
Næringsforum styrer oppfølgjinga av den planen. Medlemma består av fylkeskommunen, Innovasjon Norge, KS rådmannsutvalet, Høgskulen på Vestlandet, NAV, NHO, LO, Fiskeridirektoratet Region Vest, Fylkesmannen.
Avtala i Sogn og Fjordane vil vera knytt til klyngeutvikling og test- og laboratoriefasilitetar for næringslivet.