KONSERT: Jazzbandet Significant Time held konsert i Lærdal Kulturhus kommande fredag. Pressefoto. 
KONSERT: Jazzbandet Significant Time held konsert i Lærdal Kulturhus kommande fredag. Pressefoto. 

Significant Time spelar konsert i kulturhuset

Lærdal har blitt ein fast stoppestad langs den musikalske stamvegen i Noreg. 

Lærdal: På fredag spelar Significant Time konsert i Lærdal Kultur.  

– Lærdal er heldige som har blitt ein fast stoppestad langs den musikalske stamvegen. Dermed får me dei beste jazzartistane her til lands som er ute på turne, seier kultursjef Magne Grøttebø. 

Det har gått gjetord om Significant Time og musikarane i Lærdal. Ikkje minst etter solide opptredenar på Kongsberg Jazzfestival og Maijazz.

Berre å gleda seg

Øyvind Dale, Signe Irene Time, Fredrik Luhr Dietrichson og Raymond Lavik spring alle ut av den svært vitale jazzlinja i Stavanger og er no i ferd med å etablere seg i toppsjiktet av norske improvisasjonsmusikarar.

– Dette er jazz av ypparste kvalitet. Det tala nesten for seg sjølv. Her er det berre å gleda seg og ta turen til kulturhuset på fredag, seier Grøttebø. 

No er Significant Time aktuelle med platedebut og ein vestlandsturné som skal innom Flekke, Lærdal, Bergen og Øystese.

Samspelt og lekent 

På plata og på den kommande turneen tel bandet riktignok seks personar. Dei to siste, Andre Roligheten og Hayden Powell, vart invitert med som gjestemusikarar på fjorårets Maijazz, og det gav tydelegvis meirsmak.

– Sekstettens konsert var blant høgdepunkta på ein festival med ein sterk line-up. Og det er i grunn ikkje så overraskande for dei som har følgt med dette bandet eit par år, står det i pressemeldinga. 

Det er eit særdeles samspelt og lekent band med sterke komposisjonar og ein stor dose sjarm.

Til toppen