SIGRA: Henrik Furebotn (30) spelte heile kampen då Bodø/Glimt slo Sogndal i serieopninga og gjekk rett til topps på tabellen. Foto: NTB/Scanpix.
SIGRA: Henrik Furebotn (30) spelte heile kampen då Bodø/Glimt slo Sogndal i serieopninga og gjekk rett til topps på tabellen. Foto: NTB/Scanpix.

Sigra i serieopninga

Henrik Furebotn (30) spelte heile kampen då Bodø/Glimt slo Sogndal i Eliteserien.

Årdal: Denne helga starta endeleg Eliteserien i Noreg, og Årdal har ikkje berre éin, men to ambassadørar med på Noregs høgste nivå. 

Desse to laga møttest søndag, og det var Henrik Furebotn sitt Bodø/Glimt som gjekk sigrande ut av kampen med 2-0 på heimebane. Det sendte laget rett til topps på tabellen.

Furebotn sa til Porten.no før helga at han var litt spent på dei nye spelarane Glimt har henta inn i løpet av vinteren, men det var debutantane sin dag då både Emil Jonassen og Milan Jevtovic kom på scoringslista mot sogningane. 

Diverre vart det ikkje eit møte mellom to årdøler. Medan 30-åringen spelte heile kampen, var ikkje Edin Øy med til Nord-Noreg. 18-åringen, som fekk fire kampar på Noregs nest høgste nivå i fjor, håpar å få spele mest mogleg i Eliteserien denne sesongen, men må vente enno litt til på debuten.

– Me slapp diverre inn eit mål etter dødball då me eigentleg hadde god kontroll, og i 2. omgang scora dei på ei kontring då me jaka. For å klare oss på dette nivået må me bli betre med ball, sa Sogndal-trenar Eirik Bakke til TV 2 etter kampen.

Til toppen