Årdal: I det kalde vêret på Cuba kunne tilskodarane varma seg på fem scoringar tysdag kveld.
Som ein del av oppkøyringa til sesongstart komande måndag, spelte 5. divisjonslaget treningskamp mot Bjørn.
To scoringar frå Preben Strypet, som er suspendert med raudt kort for førstelaget, og ei scoring kvar frå Anders Lereng og Endre Vigdal Øren sørga for at dei heilraude sendte gjestane heim med 1-4-tap.
– Me brukte mange spelarar, både gutespelarar, juniorar, reservar til førstelaget og Preben Strypet, som er ute med karantene og får litt kamptrening, seier trenar Geir Kjetil Øvstetun til Årdal si heimeside.
Måndag er det seriestart i 5. divisjon. Då kjem Syril til Cuba stadion, som skal vera kamparena for denne gjengen. Laget tar deretter turen til Førde for møte Førde 3 helga etter.
Årets motstandarar for 2. laget i 5. divisjon er Syril, Førde 3, Askvoll/Holmedal, Balestrand, Bjørn, Fure og Hyllestad/Dale 2.