STJERNE KLAR FOR VINJEROCK: Sigrid spelt på Vinjerock i 2017, året då hennar internasjonale popkarriere verkeleg tok fart.
STJERNE KLAR FOR VINJEROCK: Sigrid spelt på Vinjerock i 2017, året då hennar internasjonale popkarriere verkeleg tok fart. (Pressefoto: Francesca Allen)

Sigrid klar for Vinjerock – sjekk resten av lista

Vinjerock har offentleggjort dei første artistane som er klare for å stå på scena neste sommar.

Eidsbugarden: Det største namnet av dei som er klare er Sigrid, poptalentet frå Ålesund som i 2017 slo gjennom internasjonalt med låta Don’t Kill My Vibe.

LOKAL KJENNING: Thea Hjelmeland skal òg spela på Vinjerock neste år. Pressefoto: Trine Hisdal

Same året fekk ho ein ny internasjonal hit med Strangers, som mellom anna nådde topp ti-plassering på singellistene i Storbrittania. Sangen har no 40 millionar visningar på YouTube.

Sigrid var òg på Vinjerock i 2017.

– Sidan då har ho reist verda rundt med musikken sin, no sist med ny-sleppet Suckerpunch. Til sommaren kjem ho attende til Eidsbugarden, og Vinjerockarane kan vente seg nok ein fest av ein konsert, skriv festivalen i ei pressemelding.

Andre artistar som er klare er Real Ones, Thea Hjelmeland, Ladama, Emir, Malin Pettersen, Pom Poko og Get Dancy med 9 grader nord.

– Det er ein herleg blanding av store toppar og nye namn, seier bookingsjef John Olav Hovde om det første artistsleppet i pressemeldinga.

Til toppen