TIL ÅRDAL: Folkemusikaren Sigrid Moldestad skal besøkje Årdal kulturhus på turneen sin i førjulstida. Foto: Ingvil Skeie Ljones.
TIL ÅRDAL: Folkemusikaren Sigrid Moldestad skal besøkje Årdal kulturhus på turneen sin i førjulstida. Foto: Ingvil Skeie Ljones.

Sigrid Moldestad deler av sine beste songar

Sigrid Moldestad er på førjulsturné, og fredag kjem folkemusikaren til Årdal kulturhus. 

Årdal: Med singelen «Vintersong» vil folkemusikar Sigrid Moldestad formidle ein kjærleiksbodskap i ei uroleg verd, frå ei plate som også byr på møte med gamle kjenningar.​

«Så ta mitt hjerte – dei beste songane» blir gitt ut i slutten av november, og inneheld både tidlegare utgjevingar og nye songar.

– Det er eigentleg to plater i éi. Det er først ei lita oppsummering av dei fire platene eg har gitt ut til no. Og så er det ei lita bonusplate, fortel folkemusikaren Sigrid Moldestad.

NY PLATE: Sigrid Moldestad byr på møte med gamle kjenningar og nye utgjevingar på ny plate.
NY PLATE: Sigrid Moldestad byr på møte med gamle kjenningar og nye utgjevingar på ny plate.

Eit juleønske

«Vintersong» er den første singelen frå plata. Heilt tilfeldig blei singelen sleppt same dag som terroråtaka i Paris skjedde. «Sover vreden på jorda når det er natt?» spør Moldestad i opningslinja.

– Det blei veldig sterkt at den blei sleppt den fredagen, seier musikaren.

«Vintersong» blei skriven til juleturneen hennar i fjor.

– Eg syntest allereie då at verda såg dyster og mørk ut, ein kontrast til lyset og gleda vi skal sveipe oss inn i i jula. Kanskje er det klisjéaktig, men songen fortel om eit stort juleønske om at alle skal ha det godt og finne glede og kjærleik. Det er ein refleksjon rundt ei uroleg verd stilt opp mot julebodskapen – håpet i eit lite barn, seier Moldestad, og legg til at det gjeld uavhengig av kva tru ein har.

– Viktig

Moldestad tenkjer at musikken kan spele ei viktig rolle når vonde hendingar skjer i verda.

– Eg opplever at vi som musikarar kan setje ord på kjensler og tankar, gi dei eit uttrykk. Eg trur det er veldig viktig for folk, seier ho.

I tillegg til «Vintersong», blir også songane «Vesle Gut» og «Mot Jol» gitt ut for første gong.

– «Mot Jol» er ein gammal julesong som sikkert stod i skulebøkene til foreldra våre, fortel musikaren.

– Songen «Vesle Gut» er også veldig glad i, og han passar òg litt i denne tida.

Ho fortel at «Vesle Gut» eigentleg handlar om spelekvinna spele-Birte, som levde i Spjelkavik på 1800-talet. Ho var fordriven frå eiga bygd, og spelte for folk for å livnære seg. Og ofte var «lille Johan» med på speleoppdrag.

– Det er ein song til ei kvinne som er fordriven. Kva draumar gir du då eit lite barn som skal sove? Det kan vere ein song til alle som er på flukt, seier Moldestad.

Songar folk er glade i

«Så ta mitt hjerte – dei beste songane» byr elles på eit utval Moldestad-songar, frå plata «Taus» som kom i 2007, via «Sandkorn», «Himlen har sove bort mørkret» og til «Brevet til kjærleiken» frå i fjor. Å skulle velje songar ut frå fire tidlegare utgjevingar, var ikkje berre enkelt.

– Det gjekk frå ei liste på 27, til 16 Det var veldig «kill your darlings». Eg skulle gjerne hatt med fleire, seier Moldestad.

– Eg har teke med av dei songane eg veit folk er blitt litt ekstra glade i. Det er ei plate for dei som kjenner meg frå før, men ho kan også vere ein introduksjon for dei som ikkje kjenner meg.

Turné

Både hennar eigne songar og meir tradisjonelle julesongar får vere med når ho i november og desember legg ut på Vintersong-turné.

– Eg skal på turné med ein fantastisk gjeng. Og for første gong har eg med ein strykekvartett, fortel ho.

I tillegg til Oslo Strings, har ho også vekselvis med seg Mattias Perez og Adam Johansson på gitar. Saman skal dei spele og syngje seg gjennom førjulstida fleire stader på Vestlandet, på Fagernes, i Ål og Skjåk.

– Det blir veldig mykje jul, lys, glede og håp. Eg trur vi kan trenge det meir enn nokon gong før.

Moldestad har opptredd på julekonsertar og vore på juleturné også tidlegare, og meiner desse konsertane er litt annleis enn konsertane elles i året.

– Det er noko med at folk ønskjer seg saman, ønskjer å høyre den håpefulle songen. Det er spesielt både for dei som tek imot og for oss som sender ut. Det kjennest kanskje ekstra meiningsfullt, seier Sigrid Moldestad.

Til toppen