MDG: Sigrid Z. Heiberg.
MDG: Sigrid Z. Heiberg. (Foto: Privat/Arkiv)

Sigrid Z. Heiberg blir fyrstekandidat for MDG i Sogn og Fjordane

Då Porten.no prata med Heiberg for to veker sidan var ho fast bestemt på at ho vil på Stortinget. No er ho eit steg nærmare målet.

Sogndal: MDG sin valkomitê i Sogn og Fjordane har einstemmig innstilt Sigrid Z. Heiberg frå Kaupanger som fyrstekandidat til stortingsvalet. 

Det skriv nominasjonskomiteen til Vestland MDG i ei pressemelding. 

– Eg stiller til val fordi det hastar å omstille Noreg i grøn retning, og er svært motivert for å bli tidenes fyrste grøne stortingsrepresentant frå Sogn og Fjordane, sier Sigrid Z. Heiberg.

– Gammaldags og distriktsfientleg 

– Dette valet kjem til å verte enormt viktig for kampen mot naturøydeleggingar, og for å få i gong det grøne skiftet i heile landet. Me må skape gode lokalsamfunn med trygge jobbar i Sogn og Fjordane, som kan ta oss inn i framtida. For å få til det må den gammeldagse og distriktsfientlege politikken til den grå regjeringa skiftast ut, sier Heiberg.

MDG: Sigrid Z. Heiberg heima i Sogn i sommar. Foto: Privat/Arkiv

Sigrid kjem frå Kaupanger i Sogndal Kommune. Ho er i dag fylkesleiar i Oslo MDG og er folkevald i bystyret i Oslo. Ho er også utanrikspolitisk talsperson for MDG.

Sigrid er utdanna innan samfunnsgeografi og har erfaring frå fleire ulike organisasjonar, og har blant anna vore nestleiar i Attac, drive solidaritetsarbeid i Latin-Amerika og jobba fleire år for å forby og avskaffe kjernevåpen gjennom ICAN og Nei til Atomvåpen.

Einstemmig 

– Dei grå partia seier at dei er opptekne av miljøet, men dei held fram med å bygge nye motorvegar, dei brukar milliardar av skattekroner på å leite etter olje som me aldri kan hente opp, og bygger ned matjorda og naturen som me er avhengige av for framtida. Me i MDG seier tydeleg NEI til vindmøller i urørt natur, og ja til satsing på energieffektivisering, sol, karbonlagring og bærekraftig fiskeri og landbruk, sier Heiberg.  

Det var ein einstemmig nominasjonskomité leia av Håkon Nakkerud Opedal som innstilte på Heiberg som førstekandidat. 

– Me i nominasjonskomiteen la stor vekt på Sigrid sitt enorme engasjement for å drive valgkamp for Vestland MDG, og hennar breide erfaring fra samfunnslivet og politikken. Ho er ein positiv og kunnskapsrik person, opptatt av å bygge organisasjon og å vere ein lagspelar. Me i nominasjonskomiteen er veldig glad for at Sigrid ynskjer å representera Sogn og Fjordane på Stortinget, og me meinar at Sigrid kjem til å gjere ein utruleg god jobb, sier Håkon Nakkerud Opedal. 

Miljøengasjement skapt av oppveksten i Sogn 

– Det er oppveksten i Sogn, blant fjell og fjord, som har skapt mitt klima- og miljøengasjement. Klimakrisa truar no alt det me er glade i, og vår felles framtid. Eg nektar å sitje stille og sjå på at vår vakre natur blir øydelagt, fjordane våre forgifta med gruveslam, og framtida til dei unge satt i spel, fordi nokre få menneske skal tjene seg rike. Eg gler meg til å drive valgkamp i verdens vakreste område, og håper at eg får nominasjonsmøtet sin tillit til å leie det grøne laget i Sogn og Fjordane, seier Heiberg

Til toppen