GLER SEG: Sigurd Skåden Pedersen (30) ser fram til å verte trainee i heimtraktene i haust
GLER SEG: Sigurd Skåden Pedersen (30) ser fram til å verte trainee i heimtraktene i haust (Foto: Gulen og Masfjorden Næringshage)

Sigurd (30) er ny trainee hos Gulen og Masfjorden Næringshage

– Det å følgje ei verksemd frå oppstart er spesielt interessant, seier han.

Gulen: Sigurd Skåden Pedersen (30) er ny trainee hos Gulen og Masfjorden Næringshage, skriv næringshagen på heimesida. 

– Strategi og utvikling har alltid vore fascinerande, og ikkje minst det å følgje ei verksemd frå oppstart er spesielt interessant, seier han til næringshagen. 

Pedersen kjem frå Dalsøyra i Gulen. Han held på å gjennomføre ein bachelor i «International Business»med fokus på strategi og utvikling. Ei traineestilling hos næringshagen er siste del av utdanninga. 

Nokre kjenner gjerne Pedersen frå Spar-butikken i Eivindvik, der han har arbeidd tidlegare. Elles har han studert i Nederland og jobba som «Marketing Executive» for Living it Loving it ltd i England, noko som gjev han mykje internasjonal kunnskap. 

– Det er utruleg kjekt at Sigurd har komme inn som trainee i næringshagen. Me trur han kan bidra med mange gode innspel og mykje kompetanse, og ser fram til at han flyttar inn på kontoret i Sløvåg i haust, seier næringshagen. 

Til toppen