Sogn og Fjordane: – Sigurd har gjort ein solid jobb som fylkesleiar i den perioden han har hatt vervet, og eg er heilt trygg på at han vil halde fram med å gjere ein god jobb for Senterpartiet i Sogn og Fjordane og våre saker, seier Marius Strømmen som er leiar i valnemnda.
Reksnes har lang politiske røynsle og var mellom anna gruppeleiar for Senterpartiet i Sogn og Fjordane fylkesting i førre periode. Han held fram som medlem i det nye Vestland fylkesting.
– Valnemnda er glade for at Reksnes ynskjer å gå på ein ny periode som fylkesleiar. Med regionreform og viktige politiske utfordringar framover er kontinuitet viktig seier Strømmen.
Nestleiarane Karoline Bjerkeset frå Gloppen og Morten Askvik frå Hyllestad er ikkje på val. Senterpartiet har bestemt å halde fram med to fylkesorganisasjonar i det nye Vestland fylke.
Valnemnda si innstilling
Fylkesleiar | Sigurd Erlend Reksnes – Stad (attval) |
1. nestleiar | Karoline A. Bjerkeset – Gloppen (ikkje på val) |
2. nestleiar | Morten Askvik – Hyllestad (ikkje på val) |
Studieleiar | Erling Sande – Gloppen (ny) |
Styremedlem | Jan Herstad – Sunnfjord (ikkje på val) |
Styremedlem | Marit Aakre Tennø – Luster (attval) |
Styremedlem | Ingeborg Sivertstøl – Sogndal (ny) |
Senterkvinnene | Britt Domben Mulelid – Bremanger (ny) |
Senterungdomen | Sander Solheim – Kinn (ny) |
Fylkestingsgruppa | Aleksander Øren Heen – Årdal |
Stortingsrepresentant | Liv Signe Navarsete – Lærdal |
1. vara | Rune Hegrenes – Sunnfjord (attval) |
2. vara | Gunn Åmdal Mongstad – Solund (ny som vara) |
3. vara | Sidsel Kongsvik – Kinn (ny) |
4. vara | Jakob Ruud – Sogndal/Senterungdomen (ny) |
Vara Senterkvinnene | Kristina Tomasgard – Gloppen (ny) |
Vara Senterungdomen | Nina Hjartholm – Gulen (ny) Svein Orheim – Bremanger (ny) |
Vara fylkestingsgruppa | Jenny Følling – Sunnfjord |
Observatørar: | |
Fylkessekretær | Per Rune Vereide – Gloppen |
Fylkesordførar | Jon Askeland – Alvær |
Organisasjonssekretær | Torunn Flatjord – Gloppen |