Luster: Dersom du har planar om å pendle over Sognefjellet dei neste dagane bør du vurdere å bytte til vinterdekk. Natt til torsdag har det komme snø på vegane, og det kan sjå ut som dette været vil halde fram.

Yr.no melder låge tempraturar og mogelegheitar for nedbør heile torsdag og mesteparten av fredagen. Det skal verte litt mildare i laupet av fredagen fram til laurdags morgon, men so vert det kaldt att.
Har du tips om værforhold i Sogn? Send dei til oss på tips@porten.no!