GODE PRESTASJONAR: Symjarar frå IL Jotun leverte sterke prestasjonar på Vårduppen i Eid helga 11. og 12. mars. Tomine Jevnaker og Sondre Bale syner stolt fram medaljane sine. Foto: Privat.
GODE PRESTASJONAR: Symjarar frå IL Jotun leverte sterke prestasjonar på Vårduppen i Eid helga 11. og 12. mars. Tomine Jevnaker og Sondre Bale syner stolt fram medaljane sine. Foto: Privat.

Sikra gull og personlege rekordar​

Det var mange gode resultat for symjarane i IL Jotun då dei deltok på Vårduppen på Eid.

Årdal: Vårduppen vert arrangert av Eid Symjeklubb som har lange tradisjonar innanfor symjing. Heile 160 symjarar deltok på stemnet, der dei kom heile vegen frå Bergen i sør og Brattvåg i nord.

– Me reiste med ein liten tropp på ti symjarar då det var mykje anna som skjedde denne helga, fortel Ingeborg Hjelle, leiar for symjegruppa i IL Jotun.

– Fleire av utøvarane hadde aldri konkurrert før, og me hadde òg med to rekruttar. Det vart ei kjempefin helg for oss, legg ho til.

Artikkelen held fram under biletet.

REKRUTTANE: Emmeli Jevnaker, Solfrid Rørvik og Rune Steinegger. 
REKRUTTANE: Emmeli Jevnaker, Solfrid Rørvik og Rune Steinegger. 

Personlege rekordar

Det er det ingen tvil om, for det var mange gode resultat og prestasjonar å melde om. Tomine Jevnaker tok to gullmedaljar i 50 og 100 meter bryst, samt to 4. plassar i 50 og 100 meter fri. På alle distansane sette ho personleg rekord.

BESTEMANNSPRIS: Simon Lidal tok 1. plassen på 50 meter fri og fekk bestemannsprisen i sin klasse.
BESTEMANNSPRIS: Simon Lidal tok 1. plassen på 50 meter fri og fekk bestemannsprisen i sin klasse.

– Tomine sym i klasse 2004, ei stor klasse der me har mange flinke symjarar. Tessa Skjerven fekk 3. plass på 100 meter bryst, og både ho og Sina Smedegård sette nye personlege rekordar på 50 og 100 meter fri, fortel Hjelle.

Herman Vigdal Øren tok ein sterk 2. plass på 100 meter bryst og 3. plass på 50 meter bryst. I tillegg persa han på 50 meter fri.

Frida Lidal fekk 2. plass på 50 meter rydd og sette ny personleg rekord på både 50 meter fri og bryst. Simon Lidal fekk 1. plass på 50 meter fri med ny personleg rekord. Han fekk også bestemannspremie i sin klasse.

Deltok på stafett for første gong

Vidare persa både Solfrid Rørvik og Sondre Bale på alle øvingane sine. 

– Nokre av rekordane var særs gode. Solfrid persa med sju sekund på 100 meter bryst og Sondre med 7 sekund på 50 meter fri.

STAFETTLAGET: Oppe frå venstre: Sina Smedegård, Solfrid Rørvik, Tomine Jevnaker og Tessa Skjerven.
STAFETTLAGET: Oppe frå venstre: Sina Smedegård, Solfrid Rørvik, Tomine Jevnaker og Tessa Skjerven.

– Rekruttane våre deltok på 25 og 50 meter fri og bryst. Dei la ned ein kjempegod innsats og mottok stolt deltakarpremiar, seier Hjelle.

Også i stafett deltok IL Jotun  med eit lag, og der fekk jentene Sina, Solfrid, Tomine og Tessa ein flott 3. plass. 

– Det er godt gjort når ein aldri har delteke på det før. Alt i alt var det ein kjempegod innsats av symjarar og trenarar. No er neste stemne Førdesprinten i pinsen. Då er målet fleire personlege rekordar og at to stafettlag deltek.

Til toppen