SIKKER STRAFFE: Truls Hovland sendte heimelaget i leiinga midt i andre omgang. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
SIKKER STRAFFE: Truls Hovland sendte heimelaget i leiinga midt i andre omgang. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Sikra plassen med tre poeng

No har Årdal FK sikra seg plassen i 3. divisjon.

Årdal FK - Brattvåg 1 - 0

Med ein stødig fot sendte Truls Hovland heimelaget i leiinga, stil stor jubel for spelarane og publikum. Midt ut i andre omgang kom det alle hadde venta på; Hovland smelte til på straffe, og sendte ballen til høgre for keeper og rett i nettet. 

Fram til straffesparket i andre omgang, dominerte Brattvåg på bana. Årdal FK briljerte samstundes framfor sitt eige mål med gode redningar frå keeper. 

Resultatlaus fyrste omgang

Både Årdal FK og Brattvåg hadde fleire gode målsjansar i fyrste omgang, og eit par av desse var sekundar frå å treffe nettet.

Heimelaget hadde ein kjempesjanse midt i omgangen der det i nokre sekundar såg ut til at dei gjekk opp i leiinga. Dette vart raskt korrigert av dommaren på grunn av angrep på bortelaget sin keeper.

Uavgjort eller siger

– Me må gjera jobben sjølve. No må me nullstilla oss og gjera jobben skikkeleg. Denne kampen må me legga bak oss så fort som mogleg, og så må me bretta opp ermene mot Brattvåg, sa trenar Ivan Øy til Porten.no etter førre helgas tap mot Florø 2.

Årdal FK treng enten uavgjort eller siger i laurdagens kamp mot Brattvåg. Det einaste scenarioet som kan sende årdølene ned i 4. divisjon, er dersom dei tapar sine to siste kampar og Kristiansund 2 og Florø 2 vinn begge sine. Dessutan må også Volda, som har 1 plussmål i målforskjellen mot Årdals to, tapa sine kampar med større margin enn Årdal.

Til toppen