TIDLEG UTE: Synne Thorbjørnsen, Tia Vigdal Øy og Natalie Lindborg Sponås sikra seg billettar til Marcus og Martinus-filmen for lenge sidan. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 
TIDLEG UTE: Synne Thorbjørnsen, Tia Vigdal Øy og Natalie Lindborg Sponås sikra seg billettar til Marcus og Martinus-filmen for lenge sidan. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Sikra seg billettar til Marcus og Martinus-filmen for fleire månader sidan

Synne Thorbjørnsen, Tia Øy Vigdal og Natalie Lindborg Sponås er mildt sagt store fans av den populære pop-duoen.

Årdal: For andre gang på eit halvt år er Marcus og Martinus kjelda til billettar som vert revne vekk kort tid. 

Fredag kveld var det premiere på «Marcus & Martinus - Sammen om drømmen». Allereie i oktober vart billettane lagt ut for sal, og dei gjekk unna.

– Me er skikkeleg store fans. Dei lagar bra songar og er søte, seier Natalie Lindborg Sponås.

Selde ut billettane for fleire månader sidan

Saman med veninnene Synne Thorbjørnsen og Tia Øy Vigdal har dei sikra seg billettar for lengst. Det var dei ikkje åleine om, fortel kinosjef Gunnvor Haug Moen.

– Me selde ut salen nesten med ein gong. Det var att ein og annan billett, og den siste vart seld for to månader sidan, seier ho.

Artikkelen held fram under biletet.

FEM ÅR: Denne veka er det fem år sidan kinoen opna på Årdalstangen. Difor vart kinogjestene gjort ekstra stas på fredag kveld.
FEM ÅR: Denne veka er det fem år sidan kinoen opna på Årdalstangen. Difor vart kinogjestene gjort ekstra stas på fredag kveld.

Det er ikkje uvanleg at kinoen i Årdal sel ut filmar, men det er ikkje kvar dag ein sel ut billettane så lang tid i førevegen. At dei svært populære popikona besøkte Årdal seinast i august på Målrock, spelar nok også ei rolle, trur kinosjefen.

Får vere med bak sceneteppet

Dei tre jentene var alle tilstades på den konserten, fortel dei. No gler dei seg til å bli med Marcus og Martinus bak sceneteppet for å sjå korleis det er å vere popstjerne.

– Me får sikkert sjå korleis dei har det, korleis dei vart popstjerner og vera med på reisa deira gjennom heile verda, seier Tia. 

Artikkelen held fram under biletet.

FOLKEHAV: Meiriparken var fylt til randen då Marcus og Martinus opna Målrock i 2016.
FOLKEHAV: Meiriparken var fylt til randen då Marcus og Martinus opna Målrock i 2016.

– Trur de at det er mykje arbeid å vere popstjerne?

– Ja, det veit eg. Pappaen min er artist, og han seier det er tøft, fortel Synne, som er dotter av plateaktuelle Ketil Thorbjørnsen.

Kinoen er fem år

Torsdag var det fem år sidan kinoen vart opna på Årdalstangen. Difor vart det gjort ekstra stas på gjestene fredag kveld som fekk servert kake før filmen. Det var også lagt ut raud løpar for å markere denne spesielle hendinga. 

Og kva er vel betre då på eit slikt jubileum enn ein smekkfull kinosal?

Til toppen