SIKRA SEG KONTRAKT: Olav O. Hæreid AS har sikra seg ein femårskontrakt med opsjon på tre år om å halde fylkesveg 53 fri for snø. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
SIKRA SEG KONTRAKT: Olav O. Hæreid AS har sikra seg ein femårskontrakt med opsjon på tre år om å halde fylkesveg 53 fri for snø. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Sikra seg brøytekontrakt

Olav O. Hæreid AS har sikra seg ein femårskontrakt med Oppedal Drift AS som gjer at vegen mellom Tyin og Årdal ikkje vert stengt i vinter.

Måndag kan Olav Birger Hæreid fortelja til Porten.no at dei har sikra seg ein kontrakt med Oppedal Drift, som sørger for at vegen blir halden fri for snø dei neste fem åra.

Etter at Oppedal og søner AS sin kontrakt gjekk ut i somar, sende blant anna Oppedal Drift inn eit nytt tilbod til vegvesenet. Bedrifta vann fram.

– Og så har me skreve kontrakt med Oppedal om å halde vegen mellom Årdal og Tyin og Årdal og Fodnes, seier Hæreid til Porten.no. 

I tillegg til dei fem åra har årdalsbedrifta også opsjon på tre år i ein kontrakt som truleg er verdt fleire millionar.

Hæreid understrekar viktigheita av at det er ei lokal verksemd som fekk jobben.

– Det er best å ha ein lokal ein. Det hadde heilt sikkert gått med andre folk, men når dei ringer oss, er me på plass på ein god time, seier han og fortel at dei har hatt mange slike oppdrag med plater som har ramla ned i tunellane og steinar som har kome i vegen.

– Då er me raskt på plass.

Hæreid seier dei skal ha fres på både Tyinkrysset og Holsbru i tillegg til brøytebil og saltebil. 

– Dei siste fem-seks åra har folk byrja å bruka hyttene året rundt. Tidlegare kom skoddene opp på hausten og hang på heile vinteren til påska. No er det folk frå Bergen og andre stader i landet der heile tida. 

Kva betyr det for deg at vegen ikkje vert stengd om vinteren? Sei di meining i kommentarfeltet.

Til toppen