SUSAR VIDARE: Marte Hestetun (f.v), Olaug Marie Aalen, Camilla Nundal, Hrafnhildur Sverrisdottir (på lån fra Kaupanger), Emma Jarstadmarken, Elida Madslien, Astrid Fossen Bolstad, Martine Låksrud Øyre, Andrea Ødegård Syrrist, Synne Haug og Kristin Dvergedal på ÅTIL 1 jenter 16 er klare for 8-delsfinale torsdag. Foto: Katrine Fredheim
SUSAR VIDARE: Marte Hestetun (f.v), Olaug Marie Aalen, Camilla Nundal, Hrafnhildur Sverrisdottir (på lån fra Kaupanger), Emma Jarstadmarken, Elida Madslien, Astrid Fossen Bolstad, Martine Låksrud Øyre, Andrea Ødegård Syrrist, Synne Haug og Kristin Dvergedal på ÅTIL 1 jenter 16 er klare for 8-delsfinale torsdag. Foto: Katrine Fredheim

Sikra seg plass vidare i Norway Cup

Jenter 16 år på Årdalstangen IL 1 er no vidare til 8-delsfinale i A-sluttspelet, medan gutar 16 år er vidare til 8-delsfinale i B-sluttspelet torsdag. 

No når dei fire laga frå Årdalstangen IL (IL) er inne i A- og B-sluttspelet under Norway Cup, må dei vinne kampane for å kunne vera med vidare i turneringa. 

Sikra 8-delsfinale i A-sluttspelet

Jenter 16 år på ÅTIL 1 spelte 16-delsfinale i A-sluttspelet på Ekebergsletta mot Oslo-laget Kjelsås onsdag ettermiddag. 

Det spelte ein glitrande kamp og hadde mange sjansar, mellom anna tre stolpeskot og fleire situasjonar der årdølene var åleine med keeper, så det kunne lett blitt fleire mål, fortel Oddgeir Dvergedal, som er trenar for jentelaga på ÅTIL. 

– Motstandarane på Kjelsås var farleg på dødball og det var ein kjempeinnsats som vart lagt ned av jentene våre, seier Dvergedal. 

Artikkelen held fram under biletet

FARLEG PÅ MÅL: Etter eit langt innkast, er det her like før Andrea Ødegård Syrrist (f.h) sett ballen i mål. Olaug Marie Aalen er også på plass inne i feltet.
FARLEG PÅ MÅL: Etter eit langt innkast, er det her like før Andrea Ødegård Syrrist (f.h) sett ballen i mål. Olaug Marie Aalen er også på plass inne i feltet.

Andrea Ødegård Syrrist sette ballen i mål midt i andre omgang på ei stussheading etter eit langt innkast. Kampen enda med siger til ÅTIL 1, med stillinga 1-0 mot Kjelsås. 

Neste kamp ut og 8-delsfinale for J16 ÅTIL 1 i A-sluttspelet går mot Nesbyen klokka 11.40 torsdag. Dvergedal seier dei no tek ein kamp av gangen, men at dei siktar på å vinna kampen mot hallingane. 

Bilete på Instagram merkar du med #mittporten

Vidare til 8-delsfinale i B-sluttspelet

Gutar 16 år på ÅTIL 1 ein spelte 16-delsfinale i B-sluttspelet mot Rustad onsdag kveld.

Kampen starta jamt, og årdølene fekk ikkje hol på byllen før 22. minutt ut i første omgang. Til pause hadde årdølene teke leiinga 2-0. Herifrå køyrde dei over motstandarane, fortel trenar Ronny Rinde.  

I andre omgang sette ÅTIL 1 inn ikkje mindre enn seks mål i nettet til Rustad. Både Eirik Bolstad, Benjamin Alme, Sander Breivik, Jørgen Seglem, Mats Kauppi og til og med keeper Simen Skjerven sette namnet sitt på scoringslista. Årdølene sikra dermed siger med stillinga 8-0. 

Dei er dermed vidare til 8-delsfinalen i B-sluttspelet, som blir spelt tidleg torsdag morgon. 

KNUSTE MOTSTANDAREN: Gutar 16 år på ÅTIL 1 vann ein klar siger mot Rustad onsdag. 
Benjamin Alme (f.v), Ola Seim, Andreas Reseland, Mats Kauppi, Simen Skjerven, Sander Breivik, Jørgen Seglem, Eirik Bolstad, og Mathias Rinde. Alexander Prestegård var ikkje til stades då biletet vart teke. Foto: Ronny Rinde

Gode prestasjonar – men uten av cupen

Jenter 15 år på ÅTIL 2, spelte 16-delsfinale i B-sluttspelet mot Nordstrand onsdag. Diverre tapte jentene kampen mot Oslo-laget, stillinga vart 0-1. Det betyr at dei er ute av turneringa for denne gong. 

Under turneringa sett under eitt, har jentene på ÅTIL 2 spelt kampar med flotte prestasjonar og god innsats. Likevel har laget vore uheldige og ikkje scora så mange mål framover, fortel Dvergedal.

Både jentene på ÅTIL 1 og ÅTIL 2 reiser på tur som eitt lag, men vart delt i aldersklassane 15 og 16 år under turneringa. 

– Me har det veldig kjekt og me trivst godt i Oslo. Likevel må eg melda om regn i dag, fortel trenaren lurt.  

For gutane på ÅTIL 2 var det klart for 16-delsfinalen i B-sluttspelet mot Bjørn 2, frå Gaupne i Luster onsdag kveld. Det enda med tap for årdølene, med stillinga 1-3.

Artikkelen held fram under biletet

MØTTE NABOBYGDA: Gutar 16 år på ÅTIL 2 møtte Bjørn 2 under 16-delsfinalen i B-sluttspelet onsdag. Oscar Skjerping (f.v), Hans Skogli, Emil Hillestad, Sture Hovland, Albert Hæreid, Vegard Strand, Jakob Hovland, Ivar Skogli, Sigurd Hovland, Håkon Hollevik og Tobias Herstad.
MØTTE NABOBYGDA: Gutar 16 år på ÅTIL 2 møtte Bjørn 2 under 16-delsfinalen i B-sluttspelet onsdag. Oscar Skjerping (f.v), Hans Skogli, Emil Hillestad, Sture Hovland, Albert Hæreid, Vegard Strand, Jakob Hovland, Ivar Skogli, Sigurd Hovland, Håkon Hollevik og Tobias Herstad.

– Me møtte eit litt betre lag enn oss og me greidde ikkje scora på sjansane me fekk, elles var det ein god innsats av gutane under kampen, fortel trenar Kjell Kauppi. 

Det betyr at også gutar 16 år på ÅTIL 2 er ute av turneringa. 

Her finn du ut korleis laga har gjort det tidlegare i cupen.

Vil du følga med på resultata, gjer du det her. 

Har du tips? Send det til tips@porten.no, via SMS med kodeord PORTEN [di melding] til 1963 eller ring oss på telefon 480 13 131.

Til toppen