LØFTA TIL GULL: Andrè Klingenberg med 195 kg i benkpress under NM i Brummunddal. Foto: Hanne Hagen Rotnes
LØFTA TIL GULL: Andrè Klingenberg med 195 kg i benkpress under NM i Brummunddal. Foto: Hanne Hagen Rotnes

Sikra to gull i benkpress

André Klingenberg og Arve Otto Nundal frå Årdal tok med seg gull i kvar sine klassar på noregsmeisterskapen i benkpress i helga. 

I år vart NM i benkpress arrangert i Brumunddal. 205 var påmeldt til meisterskapen, noko arrangørane omtalar som rekordhøgt. 

Både kvinner og menn i alle alders- og vektklassar løfta seg til plasseringar denne helga. Klingenberg fortel at sporten er på full veg fram og spesielt rekruteringa blant jenter har auka. Han oppmodar folk som vil bli sterkare eller er interresert i sporten om å ta kontakt med IL Jotun, der ein kan få god rettleiing og blir del av eit kjekt miljø. 

Vann NM for andre år på rad

I klassa open 74 kg opna André Klingenberg, frå Odin Styrkeløftsklubb, med eit løft på 185 kg. Andre løftet på 195 kg, gjekk også bra for årdølen. Klingenberg prøvde seg også på 205 kg, som er kravet for å kvalifisera seg til VM i Sverige som er i mai, utan hell. Dermed vart løftet på 195 kg ståande. 

– Tredje løftet på 205 kg var teknisk for dårleg. Eg hadde eit fjernt mål om å klare kvalifiseringskravet til VM og følte eg kanskje hadde 205 kg inne, så det er litt surt at det glapp. Tidligare har eg løfta 200 kg, men då i ein tyngre vektklasse, seier han.

Likevel fortel Klingenberg at han er godt nøgd. Han som kom på andreplass i same klassa løfta 157.5 kg. 

– 195 kg er ny personleg rekord for meg. Under NM i fjor vann eg med eit løft på 180 kg i same vektklassa som no. Å vinne NM to gonger på rad er sjølvsagt kjekt, men det viktigaste for meg er å forbetre meg, seier Klingenberg.

Det vart også gull på Arve Otto Nundal, IL Jotun, i klassa veteran 60-69, 93 kg. På forsøk nummer to løfta han 150 kg, som var ståande. 

Relativt fersk i sporten

Klingenberg er relativt ny i sporten og har helde på med styrkeløft i litt over to år. 

– Eg kom til eit punkt der eg vart lei av å trene for det estetiske og det å "pumpe" vekter. Eg sette meg nokre mål om å løfte eit visst antal kilo og sidan det har eg blitt hekta, fortel han.  

Klingenberg bur no i Bergen og det vart difor naturleg å melde overgang frå IL Jotun til Odin Styrkeløftsklubb. Årdølen prøver å få med seg kring fire konkurransar i året, mens han no fokuserer fram mot NM i styrkeløft (knebøy, benkpress og markløft) i starten av juni.  

Ligg mykje trening bak

– Det blir mykje trening og eg ligg i snitt på 18 timar trening i veka. I tillegg blir det litt restitusjon med gåturar, stretching og symjing. Mange trur det kun er tunge løft eit par gonger i veka som trengs, men skal ein bli sterk er det viktig å kunne trene så ofte som mogleg og med lågare belastning for å halde seg skadefri. For meg er det ikkje unormalt med 6 treningsøkter der alle øktene inneheld variantar av benkpress, knebøy og markløft. Det handlar om å legge eit godt grunnlag for å prestera, fortel han. 

Klingenberg har alt sett seg nye mål etter to NM-gull. No siktar han mot å delta på eit internasjonalt stemne. ​​

Har du tips til gode saker? Ring oss på 480 13 131, send det på SMS til PORTEN [di melding] til 1963 eller send oss tipset på e-post tips@porten.no.

Til toppen