Sikra uavgjort på overtid

Sikra uavgjort på overtid

Det vart ein dramatisk avslutning på ein ellers lite hendingsrik kamp mellom Årdal FK og Volda.

Årdal - Volda 1-1

Det gjekk ikkje heilt som Ivan Øy hadde håpa under 16. Mai kampen laurdag, då Årdal FK møtte Volda på heimebane. 

Årdal stilte på uvant underlag på Jotun stadion, då dei etter ein lang, turr vinter måtte spele på blautt underlag. Dette prega mykje av spelet til begge laga, og det blei slått mykje lange, høge ballar. 

Laga opna ganske jamt, med gode sjansar i begge retningar, men Volda tok fort styringa i kampen.

Straffebom

Allereie i det 6. minutt kom Årdals nr. 5, Marcin Brzykcy, litt for seint inn i ein takling inne i 16-meteren, og felte ein Voldaspelar på veg gjennom forsvarslinja. Soleklar straffe, og dommar bles i fløyta. 

Voldas nr. 8, Thomas James Malins, går fram for å ta straffen, og set den hardt ned mot hjørne til venstre for Gilleshammer, men han er rask ned og klarar å slå ballen ut.

Slapp fyrste omgang

Etter straffen skjer det ikkje stort før det 25. minutt, då Eirik Rode set eit frispark frå 20 meter i tverrliggaren, raskt etterfulgt av eit frispark til Volda der Gilleshammer igjen må strekke seg ned i venstre hjørne for å hindre 0-1 til dei grøne.

I det 29. minutt set Volda spelar Ingolfur Örn Kristjansson knottane i brystet på Gilleshammer, og får kampens fyrste gule kort for strevet. 

Inga av laga klarar å skape nokre store sjansar før fløyta bles, og fyrste omgang endar 0-0.

Redusert, men sporty pauseunderhaldning

Saka held fram under biletet

RUSS I FARTA: Det var Årdalsrussen som stod for underhaldning mellom omgangane, og sprang maraton trass redusert tilstand.
RUSS I FARTA: Det var Årdalsrussen som stod for underhaldning mellom omgangane, og sprang maraton trass redusert tilstand.

I pausa mellom fyrste og andre omgang trødde ein gjeng frå årets russekull på bana for å halde liv i publikumet i det kalde, våte været. Dei delte seg opp i to lag og sprang eit improvisert maraton med ball.

– Det var ikkje planlagt i det heile, og fleire av oss visste ikkje kva me dreiv med, seier svartrusspresident Olav Gram Cock til Porten.no.

– Mesteparten av oss var i tillegg på russetreff på Breim i går, og kom ikkje heimatt før klokka 5 i dag tidleg, så me var ein ganske så redusert gjeng, men det gjekk bra allikevel! legg han til.

Auka tempoet i andre omgang

Det var Årdal som kom sterkast ut i byrjinga av andre omgang. Truls Hovland spelte seg gjennom forsvaret til Volda ved to anledningar. Uheldigvis gjekk fyrste skudded via forten til ein forsvarsspelar og ut, og Voldakeeper Petter Aasen stoppa det andre skotet med ein kjemperedning. 

Det neste som skjer er at Volda kjem seg uhindra forbi forsvarslinja til Årdal i det 60. minutt, og Thomas James Malins gjer opp for straffebommen i fyrste omgang ved å sette ballen hardt i hjørnet via tverren. 0-1 til Volda.

Årdal klarer ikkje å svare, og speler vaklande resten av omgangen.

– Lagmessigt so hang me ikkje heilt i hop i dag, seier trenar Ivan Øy til Porten.no

– Eg veit ikkje om det er underlaget som spelar oss eit lite puss, men det vart eit forferdeleg dårleg passningspel med mykje balltap. 

Redda utligninga på overtid

ETTER KAMPEN: Ivan Øy og Dagmund Evebø diskuterer kampen etter fløyta har gått.
ETTER KAMPEN: Ivan Øy og Dagmund Evebø diskuterer kampen etter fløyta har gått.

3-4 minutt på overtid kjem eit langt innlegg frå Eirik Rode inn i 16 meteren til Volda, og trass i keeperen sitt forsøk på klarering finn ballen vegen til Robin Moheim, som set ballen inn til 1-1. 

Denne scoringa skapar ein del dramatikk, både på og av bana, då fleire meiner at Robin slo ballen in med handa i staden for via hovudet, men etter å ha konferert med sin assistent på linja godkjenner dommar målet.

Voldatrenar Dagmund Evebø er ikkje einig med denne avgjerda, og kverulerer so valdsamt at dommar sender han til tribuna resten av kampen.

Ikkje nøgd med scoringa

Årdalstrenar Ivan Øy hadde dårlig sikt då Moheim sette inn 1-1 målet, og såg ikkje

klart om ballen gjekk via handa eller hovudet. 

– Om ballen traff handa, og om han i tilfelle gjorde det med vilje, er noko me må ta opp med han, seier Øy til Porten.

Dramatikk etter kampen

Då fløyta går etter 97 minutt er det amper stemning blandt spelarar på begge laga, og målscoraren Robin Moheim går etter ein Voldaspelar ved benken så han dett i bakken.

Denne  hendinga skapte mykje oppstyr blant spelarar og trenarar frå begge laga, og fleire må takast til side og snakkast til før dei finn roen att. 

Laga roar seg etter kvart ned og går i garderoben, men det er amper stemning blandt fleire av spelarane. 

– Det er ikkje slik fotball me vil spele i Årdal, og me vil ikkje framstå slik heller, legg Øy til etter laga har gått kvar for seg. 

Kva som vil komme av denne hendinga er enno uklart, men kampen enda i alle fall 1-1 for Årdølene den 16. Mai.

Oppdatering

Robin Moheim har kontakta Porten for å forklare hendingsforløpet etter kampen. Han beskriv hendinga slik:

– Eg vart konfrontert av fire Volda-spelarar etter kampen, plus trenarapparatet, og fekk eit slag i bakhovudet, lepa, og vart utsett for eit strupetak. Eg reagerte med å ta tak i ein av spelarane og skyve han unna.

Han viser i tillegg til ein personleg sms frå Volda trenar Dagmund Evebø der han beklagar på vegne av spelarane sine for det som skjedde etter kampen:

– "Det vart heilt feil av Volda sine spelarar å prøve å stoppe deg når du gikk av bana. Eg beklagar på vegne av dei", skriv han i meldinga til Robin.

 

Til toppen