TOMMEL OPP: Det kyrkjelege fellesrådet for Leikanger og Sogndal har fått lov av fylkeskommunen til å sette i gang den planlagte utvidinga av gravlunda på Kaupanger. Foto: arkiv.
TOMMEL OPP: Det kyrkjelege fellesrådet for Leikanger og Sogndal har fått lov av fylkeskommunen til å sette i gang den planlagte utvidinga av gravlunda på Kaupanger. Foto: arkiv.

Sikra utviding av gravlunda i siste liten

Kaupanger stavkyrkje har berre to-tre ledige gravplassar. No har dei endeleg fått lov til å utvide.

Kaupanger: Stavkyrkja på Kaupanger står på nippet til å gå tom for graver, men det har tatt tid å få godkjent utvidingsplanane fordi området er freda og krava til kva du kan gjere er strenge.

Men no er altså Fylkeskommunen nøgd og gir tommelen opp til 251 nye graver og eit nytt servicebygg.

TRUR DET HELD: Det er knapt med gravplassar att på Kaupanger, men rådmann Jostein Aanestad reknar med at utvidinga blir klar i tide.
TRUR DET HELD: Det er knapt med gravplassar att på Kaupanger, men rådmann Jostein Aanestad reknar med at utvidinga blir klar i tide.

– Ifølgje kyrkjeverja er det berre nokre få ledige graver att, det er snakk om to-tre. Det kan òg bli frigitte graver, men det er naudsynt å få ferdigstilt ny gravlund så snart som råd, seier rådmann Jostein Aanestad.

Les også: Her fryktar dei å gå tomme for gravplassar
Les også: Han meiner kommunen har sove i timen

Han seier neste steg for kommunen blir å prosjektere ferdig utvidinga og hente inn tilbod. Først når kontrakten for jobben er underteikna vil fristane for oppstart og ferdigstilling bli endeleg avklart. 

– Vi har eit ønske om at arbeidet har så god framdrift som mogleg. Men naudsynte tidslinjer inneber at vi kjem til å bruke størstedel av 2017 før ny gravlund kan vere klar, seier rådmannen.

– Kor trygge er de på å få på plass nye graver før de går tomme?

– Det er det ingen som kan vite. Ingen kjenner til kor mange nye graver det vil vere behov for, men det er grunn til å rekne med at det vil gå greitt, seier rådmannen. 

Ifølgje han er det i den nye planen er areal nok til gravplassar for mange tiår framover. Utbygginga omfattar i tillegg alt det som høyrer til ei gravlund, som parkeringsplassar, gangvegar og lyssetting, for å nemne noko. Når det gjeld det planlagde servicebygget er det berre plasseringa fylkeskommunen har godkjent, ein eigen dispensasjonsøknad må til for sjølve utforminga.

Til toppen