Årdal: – Det er snakk om 60.000 kubikk med betong som er spesifisert i kontrakten, og så blir det ein del i tillegg, seier Stig Klingenberg, som er sals- og marknadsansvarleg i selskapet som også har ei grein i Årdal. Årleg normal levering er på 20 000 kubikk samla på alle avdelingane.
Det er fagbladet Våre veger som melder dette. Ryfoss Betong har sikra seg leveranse til tunnelprosjekta i både Bagn og Øye langs E16 i Valdres.
Det betyr at fabrikkane deira må auke betongproduksjonen kraftig dei neste tre åra.
– Dette er sjølvsagt kjempeviktig og skapar masse positivitet i ei bedrift. Dersom andre hadde fått kontraktane, er det fare for at dei kunne knytt seg tettare opp til lokalmarknaden utover kontrakten og gitt oss større konkurranse, legg han til.
– Men det er viktig å presisere at me framleis vil konsentrere oss om eksisterande kundemasse og vil gjerne oppretthalde og helst yte endå betre service til dei.
60 år i 2016
Kontraktane er med å sikre forutsigbarheit og ikkje minst arbeidsplassar, som det er 3,5 av berre her i Årdal. Totalt har bedrifta, som feirar 60 år i 2016, 13 tilsette.
– Det har vore ei formidabel utvikling opp gjennom åra, seier Klingenberg.
– Jubileet vart feira med ein stor fest på Ryfoss der alle som har vore involvert i bedrifta var invitert. Det er jo mange årdøler som har vore tilsett her. Tilbakemeldingane var at det var altfor sjeldan med ti år mellom kvar slik fest, smiler han.
– Mange har eit forhold til Ryfoss Betong
Ryfoss Betong leverer alt frå ferdigbetong og betongelement til plattendekker og blokker og held til på Ryfoss, samt Årdal og Leira. I Årdal har dei vore heilt sidan 1993.
Verksemda held til inne på området til Hydro i Øvre Årdal. Her foregår all produksjon av betong i Årdal, samt levering av grus og singel frå grustaket.
– Eg trur det er mange som ikkje veit kvar vi held hus, så her må me bli flinkare til å knytte oss opp mot kundar og næringslivet i Årdal.
– Eg vil påstå at det ikkje er mange bustader i bygda som ikkje har hatt eit forhold til Ryfoss Betong. Desse set me sjølvsagt stor pris på.
Utfordringar i distriktet
Med desse to kontraktane ser framtida bra ut, men det er også utfordringar.
– Ute i distriktet er utfordringa at det er overflod av bygningar med få nye prosjekt som skular og barnehagar og forretningsbygg. Difor har me tatt grep for å få inn nye produkt i produksjonen vår. Samstundes er hyttemarknaden stor, og me håpar at det eventuelt skal skje noko i Årdal som er med på å auke tilveksten.