SOMMARJOBB: Angelika Midtun og Artis Lagzdins som bur i Sogndal reiser rundt for å selje jordbær for Bollingberg gard. Foto: Ina Eirin Eliassen
SOMMARJOBB: Angelika Midtun og Artis Lagzdins som bur i Sogndal reiser rundt for å selje jordbær for Bollingberg gard. Foto: Ina Eirin Eliassen

Sikrar deg smak av sommar gjennom heile året

Overskya og knappe 20 grader sette ingen stoppar for salet av norske jordbær. På få timar var kring 500 kg riven bort. 

Årdal: Med kassebilen full av jordbær frå Bollingberg gard i Luster var Angelika Midtun og Artis Lagzdins på plass på torget i Øvre Årdal måndag føremiddag.

Dei reiser rundt i sommar for å gi nettopp norske jorbær til folket. Angelika tykkjer dette er ein kjekk sommarjobb. Ho har den på tredje året, då det er onkel og tanta hennar som driv garden bæra kjem ifrå. 

SMAK AV SOMMAR: Gro Fretland sikrar seg ei kasse med jordbær før det var tomt.
SMAK AV SOMMAR: Gro Fretland sikrar seg ei kasse med jordbær før det var tomt.

Reiv bort eitt halvt tonn med bær

Folk strauma til for å sikra seg både store og små kasser med mørkeraude jordbær. Etter to og ein halv time er innsida av bilen tom. Alt som er att er berre nokre få kasser med jordbær som dei har plassert ute på plassen. Eitt halvt tonn hadde dei med bær før dei starta. Desse har no fått ein ny heim hos årdølene.   ​

– Kva seier folk når dei ser så raude bær etter ein så dårleg sommar?

– Me får skyt for bæra. Mange er nok forundra over korleis ein har fått så gode bær på tross av det dårlege vêret, seier Angelika. 

Instagram: Del gjerne dine sommarbilete ved å merke dei med #mittporten 

Til røring og sylting

Gro Fretland seie ho brukarå vente på desse jordbæra kvart år og håpar bæra er like søte i år. Ha har sikra seg ei kasse og skal heim for å røre til syltetøy, slik at ho har gjennom vinteren. 

– På den måten held me på sommarsmaken heilt fram til neste sommar, seier Fretland. 

Kari Mosevoll har også sikra seg jordbær for å laga seg syltetøy. Jordbæra er forsiktig plassert i korga på sykkelen, før ho set retning heimover. 

Gjekk du glipp av bærutsalet denne gongen, byr det seg nok fleire moglegheiter både på torget på Årdalstangen og i Øvre Årdal i tida framover. 

DYREBAR LAST: Kari Mosevoll sikra seg jordbær som ho skal sykle heim i korga ho har på sykkelen. 
DYREBAR LAST: Kari Mosevoll sikra seg jordbær som ho skal sykle heim i korga ho har på sykkelen. 

Har du tips til gode saker på Porten.no? Send det til oss på tips@porten.no

Til toppen